San Cristobal er Nicaragua sin høgste vulkan på 1775 m. Ikkje akkurat ei avskrekkande høgd, men det var bratt og fælt med rullande steinar og skarpe kaktusar. Uansett fint å vere på tur med Ragnhild, Magnvard og andre vener frå hist og her. God langfredag.
lørdag 22. mars 2008
San Cristobal - endå ei vulkanoppleving
San Cristobal er Nicaragua sin høgste vulkan på 1775 m. Ikkje akkurat ei avskrekkande høgd, men det var bratt og fælt med rullande steinar og skarpe kaktusar. Uansett fint å vere på tur med Ragnhild, Magnvard og andre vener frå hist og her. God langfredag.
mandag 17. mars 2008
Samana Santa - Heilag veke
Det er påske i Leon. Det er det vel heime også. På spansk er påske samana santa, altså heilage veke. Det heilage vert representert gjennom sorgtunge prosesjonar der menneske lid seg gjennom gatene, nokre på kne, andre med blytunge maria-og kristusstatuar på akslane. Kyrkjeklokkene ringer heile natta på dommedagliknande vis og det er vanskeleg å sove. Men ein skal jo lide i den heilage veka, kjenne på kroppen det Jesus og hans næraste måtte gjennomgå for ei æve sidan.
Samstundes står det heilage i skarp kontrast til det profane, eller det ikkje-religiøse. Berre nokre kilometer unna prosesjonane, på stillehavsstranda Las Piñitas sprett folk ølkorkar, og kastar kleda. Dei festar, drikk, druknar og slost. For i den heilage veka står Nicaragua på hovudet. Byane vert tømde for folk som fyller pick-upen med stolar, bord, madrasser og mat, og invaderer dei elles så deilige og aude strendene. Snart vert dei fulle av søppel, ungeskrik og kvinneskrål, fyllikar og bråkete firehjulingar. Når nordmenn drikk alkohol trur vi at vi kan danse og synge, men når nicaraguanarar drikk alkohol trur dei at dei kan symje. Dette kan sjølvsagt få katastrofale følgjer og det druknar dobbelt så mange menneske i påska som elles i året.
Omar Cabezas, ein av dei litterære heltane i Nicaragua, har skildra påskeveka i Leon slik (fritt omsett frå spansk):
"I den heilage veka er Leon ein spøkelsesby. Dagane er varme, ekstremt varme. Fortauet er varmt, støvet er varmt, bilseta er varme, benkane i parken er varme, til og meg vatnet i springen er varmt. Alt i denne byen er varmt i den heilage veka. Berre fatt at Leon er varm i den heilage veka. Merk deg at det er så varmt at det nesten ikkje er bilar i gatene. Det er så varmt at det heller ikkje er menneske i gatene for alle har reist ut til sjøen. Med alle meiner eg la burguesia; dei rike som bur i sentrum av Leon. Berre hundane spring gjennom gatene med glasaktige auge og skum i kjeften, dei snur seg verken til høgre eller venstre for til sides er det endå varmare. Dei følgjer etter dei få skuggane som finst i gata, men til og med skuggen er varm. Alt er stengt, frå butikkar til hus. Slik er den heilage veka Leon. "
- Omar Cabezas, La Montaña es algo mas que una inmensa estepa verde
Eg sit heime og sveittar og kjenner at Omar Cabezas har rett, sjølv om skildringa hans er frå 1960-talet ein gong. Det er forferdeleg varmt. Berre eg rører meg ein millimeter rett sveitten, spesielt frå knehasane og frå halsen. Magnvard har gjort som dei rike og dratt ut til stranda og sit nok med ei kald pils i handa og synst det står til. Eg ventar på Ragnhild som skal komme til Managua i kveld. Der er det, om mulig, endå varmare og endå meir støv.
tirsdag 11. mars 2008
Daniel Ortega - nuestro presidente!
På 1980-talet var Daniel Ortega sentral i den sandinistiske revolusjonen og representerte frigjering og håp for eit folk som i 36 år hadde vore styrt av Somozafamilien. Gata sitt parlament kasta tyrannen, og Daniel Ortega kunne som leiar av den nye regjering sole seg i glansen av internasjonal applaus, for ei stutt tid. Revolusjonen fekk tverrpolitisk støtte verda over, spesielt frå dei "venstrehendte". Men då Daniel tapte presidentvalet i i 1990 var det nærmast som ei symbolsk avslutning på 70- og 80-talet sin romanse mellom venstresider i Europa og radikale heltefigurar i Latin-Amerika. Etter tre tapte valkampar lukkast han igjen i 2006 og tok over som president i 2007, men no med eit tydeleg mindre potensial som helt. Han har skifta ut den militære drakta med kvit skjorte (av og til rosa), han gjer stadige tilnærmingar til næringslivet, seier ja takk til frihandelsavtalar med USA og andre tigrar, og ber til Gud heller enn til Marx. Likevel har han etter valkampen hold flammande talar i FN om USA sin vedvarande imperialisme, og han hyller Fidel/Raul og Chavez på revolusjonsglødande vis. Nyleg følgde han Chavez sine oppmodingar om å bryte diplomatiske band med Columbia etter at den colombianske hæren gjekk over på ecuadoriansk jord for å utslette sentrale medlemmer i geriljaorganisasjonen FARC. Det heile vart patetisk då Ecuador, Venezuela og Columbia tok kvarandre i hendene dagen etter og avblåste den diplomatiske krisa. Difor har Daniel etter kvar fått eit litt uheldig stempel som lillebror, lommerusk og nikkedokke i møte med dei eldre ungane i leikegrinda, og avisene her i Nicaragua er fulle av flaut Daniel-stoff. Slik har Daniel gått i frå høg popularitet til avgrunnsdjup forakt i løpet av imponerande kort tid, og det gjenstår enno å forstå om det er retorikken eller politikken hans som ligg lengst til venstre. Nicaragua sørger no over at Daniel nærmast har blitt ein parodi som denne:
onsdag 5. mars 2008
Silvio Rodriguez

Men stemma var den same. Vakker og inderleg. Silvio Rodriguez er utan tvil både hjarte og hjernen bak den musikalske rørsla "nueva trova", og mange menneske i Latin Amerika kjenner seg enno igjen i hans tekstar og poesi. I tillegg song han alle songane eg hadde håpa at han ville synge, med unntak av ein: Cancion Urgente para Nicaragua (Ein song i all hast til Nicaragua). Denne songen skreiv cubanske Silvio ein gong på 80-talet. Låta vart skrive som ei gåve til det nicaraguanske folket som den gong lei store tap i borgarkrigen mellom Contras-styrkane og regjeringshæren til sandinistane. I tillegg var songen skrive i sympati til eit folk som hadde vore gjennom ein revolusjon som kunne minne om den cubanske.
Denne songen venta alle på under konserten. Då Silvio gjekk av scena og seinare vart klappa tilbake for å gjere ekstranummer, ville dette ha vore ein sjølvskriven låt. Men han song den ikkje. Han song tre andre songar og gjekk av scena. Folk begynte å bli urolege og ropte otra, otra, urgente, urgente for å få mannen tilbake på scena. Han kom. Eg begynte å tenke at dette var jammen ein skitten strategi for å bli klappa tilbake for tredje gong, men at han no i alle fall ville gjere ein uforgløymeleg gran final med å synge cancion urgente para Nicaragua. Men nei. Ikkje denne gongen heller. Han mumla noko om at verda og røynda har endra seg, og det er ein song som han, minst av alle, har høve til å synge.
Vi vart litt fjetra. Kvifor ville han ikkje framføre denne visa? Er han lei seg for at Fidel har gjeve frå seg makta, eller er han forbanna for at det var broren til Fidel som skruppellaust overtok makta? Eller kanskje han er misfornøgd med måten Daniel Ortega styrer Nicaragua på, og slik ikkje ville synge ein song som var skrive i ei tid då Daniel styrte landet på andre premissar? Kven kveit. Folk vart uansett ekstremt fornærma og enda med å bue og ule. Eg kan tenke meg at mange i det nicaraguanske publikum sat igjen med ei kjensle av at dei har fått ei gåve som no vart teke i frå dei.
For meg var det uansett ei historisk oppleving. Takk Silvio.
tirsdag 4. mars 2008
Momotombo - ei vulkanoppleving
Det er sjeldan eg har følt meg meir klønete på fjelltur. Då vi nærma oss toppen på fine Momotombo (den største av dei to på bilete) var det berre så vidt det gjekk an å halde seg på føtene. Vinden tok tak i oss og rista vettet ut av meg og alle andre. Steinane rulla og landskapet var i konstant bevegelse. Til tross for at vulkanen var bratt var utfordringa meir mental enn fysisk. Ikkje det at eg var så himla redd, men det tar på å skulle klamre seg til rullande steinar i ei evighet samstundes som det er ein fordel å bevege seg oppover fjellsida. I tillegg drog vinden med seg ørsmå sandpartiklar som kleba seg til hud og hår, tetta øyregangar og tårekanalar. Hundre meter frå toppen måtte vi difor gje tapt for naturkreftene og snu. Det var trist. Eg har ei litt barnsleg holdning til fjell og synst liksom ikkje eg har vore på tur utan å ha kome på toppen...
Momotombo er uansett ein utruleg vakker vulkan, forma nesten som eit perfekt triangel, og med ei fantastisk utsikt over det måneliknande landskapet mellom Leon og Managua. Den er berre den femte høgste i Nicaragua, men eg trur det er den finaste
Det var dessutan utruleg fint å campe i botnen av vulkanen kvelden før, sjå på stjernorna og pugge Silvio Rodriguez-tekstar til konserten dagen etter. Litt bileter frå ein fantastisk tur saman med Flavio, Rigo, Tiril, Simen og Borgny:
Ein av guidane skildra Momotobo slik:
Volcano Momotombo is my favourite volcano. I don't know if it is because I like the ever changing colours of its perfect cone, the physically and mentally challenging hike, or simply because it brings me memories from my childhood. My love and passion for the Nicaraguan outdoors and my life as guide in the Maribios volcanic range began when my brother and I hiked Momotombo with our father at the ages of 9 and 12.
Camping in «el plano de los coyotes», in the bottom of the volcano, is an long-lasting experience and gives you the opportunity to see a close-up of the volcano both at sun-set and sun-rise. If you are lucky you can listen to the coyotes hauling from a distant, ant eaters coming near your tent, find a scorpion inside your shoe or touch the tail of a rattle snake.
If nothing of this occurs though, you are guaranteed a night below a star sprinkled sky, and once a month a full moon appearing behind the majestic volcano
From the summit you'll admire the complete volcanic range which includes El Chonco in the far distant (looking north) and El Hojo in the proximity of Momotombo. The view also includes San Cristobal, the tallest volcano in Nicaragua, Telika with its huge crater and Cerro Negro, the youngest of the volcanoes only 185 years old.
Alle foto: Borgny Marianne Knudsen
Ruben Darío, Nicaragua sin store nasjonaldiktar skildra Momotombo slik ein gong på 1800 - talet:
¡Oh Momotombo ronco y sonoro! Te amo
Por que a tu evocación vienen a mi otra vez,
Obedeciendo a un íntimo reclamo,Perfumes de mi infancia, brisas de mi niñez
søndag 24. februar 2008
Karnevalstid i Leon
Ingenting er som å kle seg opp i ei rosa nicaraguansk tradisjonsdrakt for å gå på karneval. I motsetning til Lise som såg ut som ei forrykade flott flamencodronning i raudt, kjende eg meg meir som ein rosa marshmellow. Nedanfor ser de mannen over alle menn, Pancho Villa ("helt" under den Mexicanske revolusjonen) og hans motstykke Daniela I.
Pancho Villa y Daniela
mandag 18. februar 2008
Silvio Rodriguez til Managua 2.mars

For ei lukke det skal bli å reise til Managua for å høyre Silvio Rodriguez synge og spele. No tenker sikkert dokke: "Å herlig, ei av dei teite salsastjernene til Silje". Men dette er ikkje salsa. Silvio syng inderlege revolusjonsviser og opprørstekstar frå Cuba. Nedanfor kan de sjå og høyre han synge Cancion urgente para Nicaragua, ein tekst han skreiv på flyet fra Cuba til Nicaragua ein gong på 80-talet.
onsdag 13. februar 2008
Pelo feo - stygt hår
For ikkje lenge sidan satt eg i standhuset til Rigo og leste. Sandra, ei pratesjuk dame på min alder som jobbar i huset, sette seg ned ved bordet og begynte å prate om livet og læra. Brått stoppa ho opp, ser på meg med litt trist blikk og seier: Ay, vos tenes el pelo feo como yo! (Ay, du har stygt hår akkurat som eg!)
Krølla hår og skjønnhetsideal er på ingen måte knytta saman i Nicaragua. Krølla hår vert snarare kopla til mørk hud, fattigdom og i verste fall svart magi. Dei som har råd går gjerne til ein hårsalong og får sletta håret, eller vasskjember håret og fester det stramt med strikk. Om meg tenker sikkert folk: "Uflaks, den kvite huda, men like vel krølla hår. Stakkars..."
tirsdag 12. februar 2008
Bosawas - Ei regnskogoppleving
Bosawas, samansatt av Bocay al Oeste, el cerro Salaya al Sur y el rio Waspuk al Este, som betyr Bocay i vest, fjellet Salaya i sør og elva Waspuk i aust, er Nicaraguas hjarte og produserer størsteparten av okygenene vi pustar i her. I Bosawas ligg Nicaraguas einaste regnskog, den største i Amerika nord for Amazonas. Hit vart eg lokka med av eit legeteam frå universitetet i Leon som skulle inn i regnskogen, til eit lite samfunn som kallar seg Musawas (was betyr elv og er endinga i dei aller fleste stadnamn her), for å kartlegge helsebehov blant barn.
Dag 1:
Vi tar fly i frå Managua til Bonanza. Å fly med Costeña Airlines er som å vere på tivoli, sette seg i eit leikefly, lukke augene og håpe på at det går bra. Flyet vårt tok ikkje meir enn ti personar og ein må bøye halve seg for ikkje å stange skolten i taket. Inga flyvertinne ba meg om å feste selen eller slå av mobilen, og ingen var heller spesielt opprørte over at halvparten av passasjerane hadde med seg machete inn i kabinen. I tillegg sit vi meir eller mindre i cockpit og kan ta på kapteinen om vi vil (noko som også gjorde til at eg vart vitne til at kapteinen sov halve turen og faktisk fekk litt lyst til å ta på han. Eller riste...)
Costeña Airlines
Då vi, etter ein nær døden oppleving landar i Bonanza, var eg usikker på om verda framleis var den same. Det var som å lande i eventyrland. Bonanza er utgangspunktet for innreise til regnskogen. Berre namnet osar av gull, framgang og gode dagar, og staden er ein gamal gruveby der dei framleis vaskar gull med håp om betre tider. Gruvene er sjølvsagt kjøpt opp av utanlandske investorar som etterlet lite snop til slitarane her, og sjebnens paradoks er vel nettopp at fattigdommen er ekstrem i utkanten av el dorado. Her ute skjøner ein betre kvifor FN sine fattigdomsstatestikkar sug for Nicaragua. Fattigdom til trass, Bonanza har har fargerike trehus, brusteinslagte gater, fleire hestar enn bilar og eit tilsynelatande hektisk og travelt menneskeliv. Eller som Lonely Planet så fint omtalar byen:"The whole scene so perfect and pretty in the rigth light, may offer an impression of some 'Ya Olde Mining Town' theme park confection". I Bonanza vart vi tekne i mot av El lider (chefe) Ekonay og tre andre Mayagna-menn som skulle føre oss på elvebåt inn i regnskogen neste morgon. Alle desse fire snakka spansk og vi fekk teikna eit bilete av livet i jungelen under ein middag seinare på kvelden.
Dag 2
Neste morgon la vi av stad tidleg. Båten viser seg å vere ein seks meter lang uthola trestamme. Sidan vi såg ut som ein gjeng med mucho dinero, fekk vi båt med motor, noko som til slutt kosta skjorta. Bensin er dyrt og turen var lang.
Mayagna-mann i ferd med å lempe alt vårt pikk og pakk ombord i fartøyet
Vi kom oss avgarde og la ut på reise til jungelområda, og til eit territorium som er egd av Mayagna-folket. Dette er ei urbefolkningsgruppe som lenge har levd langt unna det nicaraguanske samfunnet, og tradisjonelt hold seg unna syssler som inneber pengar og materielle gode av noko slag. Gode gamle Marcel Mauss ville ha vorte glad for å sjå at gaveøkonomien her eksisterer, og held ved like sosial kontroll i samfunnet; du får bananer av meg, eg slaktar grisen din for deg.
Det er aude og det går timar mellom kvar gong vi ser menneske; berre krokodiller, skjelpadder, fuglar og iguana viser seg med ein viss frekvens. Nokre gonger dukkar små samfunn opp, kanskje berre eit par familiar er bufaste. Dei har ein skokk med ungar og berre gudane veit kor dei går på skule til dømes.
Ingen regnskog utan regn og dei siste timane opna gudane vasslusene og gjorde oss våte til skinnet. I tillegg måtte vi gjentekne gonger ut av den uthola trestammen og inn i skogane for å gå. Dette fordi båten nødvendigvis ikkje kunne forsere fossefall og sterke straumar med oss oppi. Nokre gonger greidde desse mayagna-mennene å føre båten gjennom sinnsjuke vassmengder, andre gonger bar dei båten gjennom jungelen.
Ein av mennene, Koliman Rufus, gjekk alltid fremst gjennom jungelen og fór laus på planter og tre med ei sylskarp machete. Han mumla heile vegen på mayagna noko som for meg høyrdest ut som trylleformlar. Det einaste ordet eg forstod var culebra, som betyr slange på spansk. Eg vart etterkvart litt småstressa av denne mumlinga om slangar, og spurt kjekt om det var mange slike i jungelen. Si, svara Koliman, hay un monton! (Ja, ein heil bråte!)
Forvirra og bortkomen antropolog i regnskogen (med utprega angst for slangar)
Då vi endeleg kom fram til Musawas etter åtte timar må vi ha sett ut som drukna rotter, eller noko som likna. Eg hadde gjørme til tennene og numb bum. Den fine kvite blusen min var gusjebrun med ei lang flenge under armen og ei midt framme på magen. Folk lo og dei lo. Dei snakka rasande fort på ein språk eg ikkje forstod, peika på håret mitt og lo igjen. Ungane kom bakfrå, nappa meg i blusen og sprang hylande vekk igjen, gøymde seg bak hushjørna og venta på nye høver til å angripe. Lider Ekonay forklarer at folk blir litt øsne når det kjem gringos på vitjing. Deilig å vere på utstilling etter 8 timar i rengskogen.
Det finst ikkje lys i Musawas og kvinnene i kyrkja trylla fram middag til oss i mørkret, berre i frå lyset av gruva. Eg sat utsvelta i eit hjørne og såg på, og tenkte at det må vere tungt å jobbe eit heilt liv i bekmørkna etter at sola går ned. Ja, forresten, dette med kyrkja er eit anna nemneverdig fenomen. Det var verkeleg heilt utruleg å sjå korleis The moravian church (protestantisk kyrkje) har spreidd seg som ein parasitt i denne delen av Nicaragua. Oppover elva dukka det stadig opp slike kvite-og raudmalte kyrkjer i samfunn der det gjerne ikkje budde meir enn eit lite knippe menneske. No har misjonærane pakka kofferten og overlate drifta av menigheten til folket her, og kyrkja står igjen og representerer den einaste kontakta med utanforliggande makter. Du må kanskje vere misjonær (eller ein galen antropolog) for å kunne klamre seg fast til livet i slike utpostar og ekstreme verdnar som denne.
Musawas er lutfattig, i allefall reint sånn materielt sett. Folk bur i nedfallstruga trehus, stort sett berre med eit rom. Under huset bur familiens firbeinte vener, og folk vassar i gjørme og ku-,hest,-og grisebæsj stort sett over alt. Det er ikkje tilgang på straum eller gass og reint vatn finst berre i ein lokal brønn. Kvar familie har i gjennomsnitt sju ungar kvar og lever i stor grad av det dei dyrkar sjølv. I tillegg er dei røynde jegerar og dersom lykka er med dei kan både apekatt, iguana, skjelpadde, beltedyr og maurslukar vere ein del av kosthaldet. "Vi tar i mot det naturen gjev oss", fortel El lider. Eg fekk diverre ikkje servert noko av dette. Sikkert like greitt, men det hadde jo vore kjekt å skrive heim om. Vi fekk ris og bananer som smakte nada til middag, frukost og lunsj.
Dag 3
I Musawas står folk opp med sola og det gjorde vi også. Delegasjonen frå universitetet inviterte til folkemøte og alt som kunne krype og gå møtte opp. Føremålet var å snakke om høgare utdanning og høve for å gje universitetsstipend til mayagna-ungdom. Til trass for at vi enno er i Nicaragua snakkar få spansk. Dei bruker mayagna-språk på skulen og lar spansk vere eit andrespråk frå 4.klasse. Dette er i seg sjølv heilt greitt, men i ei større verd, for eksempel gjennom høgare utdanning, viser deg seg at dei har store språklege vanskar i møte med akademisk liv. Det som er fint er at svært mange jenter ser ut til å ynskje meir utdanning, og samfunnet her oppfordrar dei også til det, spesielt til medisin og sjukepleie. Målet er at dette på lang sikt skal gjere Musawas og liknande samfunn mindre avhengige av legehjelp utan i frå. I dag har landsbyen berre ein sjukepleiar og "helsesenteret" har ikkje noko anna utstyr enn ei seng og nokre rare instrument. Mange sjukdommar og skadar vert enno behandla av menn som praktiserer tradisjonell medisin, eller av ein religiøs healer.
Under møtet var det fleire kvinnene som røyste seg opp og la fram spørsmål og bekymringar for gjengen frå universitetet. Mange var frustrerte over at ungdommane deira ikkje vart tekne opp til universitetsutdanning fordi dei ikkje hadde dei same forutsetningane som ungdommar frå andre delar av landet. Andre var redde for at studentane som fekk plass, til dømes på UNAN i Leon, aldri ville vende tilbake til regnskogen, og slik berre er ressursar som forsvinn. Spesielt kvinnene i Musawas hadde tydelege og velformulerte innlegg på møtet. Eg oppfatta dei som meir uttalte enn sine søstre i vest og hadde gjennomtekte idear for utvikling i regionen. Det var likevel påfallande å sjå korleis el lider valte å legge seg ned for å sove kvar gong ei kvinne røyste seg. Kanskje machokulten er i ferd meg å nå regnskogen?
torsdag 7. februar 2008
Las Piñitas
Stillehavsstrendene i Mellom-Amerika er som oftast lange, mektige, avbrotne av klippar, ofte stille og forlatte. Ein halv time kjøyring frå Leon ligg stranda Las Piñitas. Her held det til eit knippe av bønder og fiskarar som har kjempa mot fattigdom og utarming i mange mange år. Men no er turismen her i sakte vekst og du finn eit par hotell, nokre restaurantar og ein surfeskule. Likevel er stranda deilig og øde og byr gir fred til urolege sjeler.
søndag 3. februar 2008
Marcha contra el machismo
Machismo er diskursen omkring det å vere macho. Macho betyr mandig og ber i seg ei naturleggjering av mannen som noko overlegent det kvinnelege. Vanlege stereotypiar av el macho, er menn som drikk mykje, har mange utanomekteskapelege merittar, og som prøver å kontrollere kvinner og barn. I tillegg er det slik at dei som har flest damer, flest barn med flest kvinner, dei som bruker det mest vulgære språket, og dei som kan drikke mest alkohol, vert titulert ”veldig macho”, eller ”mykje mann”. Den typiske machomannen er også ein som likar å bruke mykje tid ute saman med vener, som heng på gatekafeane, drikk rom og spelar domino. Ein ekte macho er heller ikkje redd for å risikere livet i farlige situasjonar, og skjuler frykt for alt det er verdt. Dess fleire av machoen sine karaktertrekk en mann oppfyller, jo større er graden av maskulinitet, og status som mann. Menn vert derfor klassifiserte utifrå grad av maskulinitet, altså kor mykje mann du er, til forskjell frå kvinner som vert klassifiserte på bakgrunn av deira seksualmoralske karakter. Ein mann kan skildrast som ”mykje mann” (bien macho), eller motsett ”lite mann” (poco hombre/pariguayo), og vert vurdert som mann i større eller mindre grad langs eit kontinuum av relevante maskuline verdiar. Ei kvinne vert derimot vurdert på bakgrunn av dikotomien ”hore-madonna”, ein tankegang om at kvinna er anten god eller dårleg, og slik ikkje meir eller mindre kvinne. Kvinneidealet vert dessutan knyta opp mot Bibelens Jomfru Maria som var audmjuk, oppofrande og dydig.
Slik forstår vi behove for å protestere, og i går demonstrerte folk her i Leon nettopp mot el machismo. I spissen for marsjen stod ei to meter høg kvinne frå Nederland. Dette gjorde oss ein smule bekymra for kvar det eigentlege initiativet kom i frå, og vi var urolege for at demonstrasjonen berre ville bestå av blåøygde damer, drittleie av å bli tatt på av menn som syklar forbi på gata ein mandags morgon, eller frustrerte over å bli kalla mamita, chelita, mamcita linda, moñequita o.l.
Det var ikkje meir enn ca 50 demonstrantar, og til vår lukke var overvekta av dei oppmøtte lokale kvinner og menn i ulike aldrar. I tillegg møtte nokre slitne ryggsekkturistar, feministar, lyslugga volunteers og oss. Lise, Borgny og eg stod riktig nok på sidelinja og såg på. Vi lurte på kven bodskapen gjekk ut til, og kven som eigentleg går rundt å føler seg veldig macho. Eg har ein mistanke om at dette er noko alle menn tenkjer at andre er, og ikkje ein sjølv, og at spydspissen difor treff temmeleg få. Men det er klart, behovet for å skrike ut parolar om kvinner sine rettar er fult mogleg å forstå.
Det første som skjer når vi forlet skue er at ein mann kjem mot oss, på sykkel, sender slengkyss og kviskrar: beautiful
onsdag 23. januar 2008
Olla Olla ahaha
Olla Quemada (les: oja kemada) betyr brent kokepanne og er "in"- staden i Leon kvar onsdag. Her dansar lesbene på bordet, og glade menn svingar rumpa i rasande fart for å imponere chelas, gringas og lokale mamacitas. Ofte er det eigaren av baren sjølv, Carola som spelar opp til dans, og kvelden vert alltid strålande fin når ho syng. Carola vert gjerne akkompagnert av Marti som dansar heftig og oppeksa, som Leon sitt svar på Gale-Matias. Sjå og lær:
søndag 20. januar 2008
Eit vulkanutbrot av kvinner
Mektig og fin, svart som natta og katta. Cerro Negro er Nicaragua sin yngste vulkan, berre 158 år gamal, og står som ein mørk kontrast til den grøne vegetasjonen omkring. Det tek berre ein halv time å komme opp på kanten av krateret, men turen er likevel eventyraktig fin. Her luktar det sterkt av sulfat og kobber, og det dampar frå krateret. Legender her i Nicaragua fortel at helvete luktar sulfat, og når ein kikkar ned i krateret til Cerro Negro kan ein kanskje også førestille seg nokre av dei fysiske konstruksjonane i paradiset sin motpol.
For å komme til botn av vulkanen igjen spring ein i vulkansk sand som kan minne litt om å springe i nysnø. Det er sjeldant at ein ser 80 nordmenn komme veltande og hylande ned eit vulkansk fjell, og det fekk meg til å tenke på noko ein tidlegare mannleg student så fint da det; "Dette er fantastisk, jeg er vitne til et vulkanutbrudd av kvinner!
Nokre kjem seg raskare ned enn andre:
lørdag 19. januar 2008
Katia Cardenal og Åge A
Håra røyste seg på armane til alle då Katia Cardenal og gitaristen Moises Gadea hadde formiddagskonsert for oss på El Convento i går. Nicaraguanske folketonar, cubanske revolusjonsviser, masurka, vuggesongar og Alf Prøysen på spansk.
Historia om korleis songen Dale una luz vart til, er ein kuriositet og seier litt om korleis musikk er med på å skape viktige møteplassar i ei ellers uframkommeleg verd. Det hadde seg slik at Katia og broren Salvador ein gong på 90-talet vart invitert til Noreg av Åge Alexandersen som ynskja at dei skulle gjere ei spansk oversetjing av Akuratt no; Åge Alexandersen si hylding til det trønderske/norske landskapet. Salvador, som synst det vart litt vrient å synge om norske fjordar og fjell på spansk, ba Åge om løyve til å skrive om teksten til å handle om vukanar, mangrover, innsjøar, revolusjon, El Bluff og lagunar. Det synst Åge var heilt fint. Salvador heldt på melodien og i dag er Dale una luz (gje han/ho eit lys) nærmast for ein nasjonalhymne å rekne, og den vert spelt på tv her i Nicaragua kvar dag som ein hyldest til det nicaraguanske landskapet og folket
torsdag 17. januar 2008
Rakettfabrikkeksplosjon
lørdag 12. januar 2008
La casa de Jaqueline
Valet av interiør er verdt å sei noko om. Stilen er litt sånn Aladdin goes to Alice in Wonderland. Alt er stort, gult og mykje gull. Her er ei fontene som sprutar vatn ut av eit løvehovud, kjeramikkelefantar, opne kister som flyter over av gull og diamantar, salmevers utstilt på silkestoff, helgenalter og overdimesjonerte nøklar til paradis.
Fyrverkeriet held fram
Nicaragua på nytt
Det var fint å komme tilbake. Desember 07 vart ein tøff månad på mange måtar og på flyet til Nicaragua kjente eg at det var deilig å reise i frå ribbefett, marsipan og eksamenssensur. Turen frå Oslo til Managua tok 24 timar og innholdt ikkje mindre enn fire mellomlandingar. Synet av eviglange grønne stepper avbrutt av treangelforma vulkanar, elvesystem og innsjøar gjorde meg viss på at det vil bli fint med fire nye månader i vakre Nicaragua.
