Dette uttalte Kel Coleman til avisa El nuevo Diario i dag. Han representerer Mayagna-folket og ynskjer snakke med president Daniel Ortega direkte. Han er oppgitt over regionale myndigheter som ikkje tek grep for å gje dei landrettane dei har krav på i regnskogen i Bosawas. Mangelen på tydelege oppmerka område for eigedom fører til blodige konfrontasjonar, nokre med fatale utfall, mellom nybyggarar og urbefolkning som hevder rett på landet. Myndighetene i området har erklært seg inkompetente til å løyse konflikten. Lenge før lova om autonomi for regionen har jorda tilhørt mayagna-folket gjennom generasjonar. No ser det ut som dei tusener av nybyggarar som har slått seg ned i Bosawas er eigarane av jorda, medan Mayagna-gjengen er nybyggjarar.
Det er no ni comunidades indigenas som krev merking av land i Bosawas og generelt i RAAN (Region Autonoma del Atlantico Norte). Til trass for at det har vore myndigheter i området for å starte merkinga fleire gonger dei siste åra har ikkje noko skjedd enno.
Representantar for Mayagnafolket seier til avisa El nuevo Diario at dei har brukt alle moglege kanalar for å nå fram med sine krav, og for å vekke til handling. Men til og med Gud verkar meir tilgjengeleg enn regionale myndigheter her, som blir slukt av eit komplisert og tregt byråkrati som berre ber deg om å komme attende neste dag.
I morgon reiser eg til RAAN, nærmare bestemt til Bilwi (Puerto Cabezas) i Nicaraguas eksteme, tropiske, nordaustleg utpost.
Mayagnalandsby i Bosawas
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ved landspoersmaal derute er det vel ikke bare procuraduria som kan bestemme ting, men El consejo de los viejos/the elders council, skal ogsaa konsulteres og har en finger med i spillet, hvilket betyr at FSLN sentralt slett ikke kan bestemme slikt.
Å det er nok ikkje så enkelt. Hadde denne striden kun vore intern, altså mellom ulike Mayagna-grupper eller mellom Mayagna og Miskito ville nok eldreråda vore viktige. Men i det folk utanfrå, nybyggarar, kjem inn i dette området utan kjennskap til lokale maktforhold og beslutningsprosessar misser slike eldreråd fort din verdi. Ein kommuniserer ikkje med det same begrepsapparatet.
Då eg var i Musawas tildlegare i år såg det dessutan ut til at eldreråda ikkje var så viktige lenger. Folk var meir opptekne av kven dei skulle sende som kandidat til dei lokale borgermestervalet i Bonanza.
Da jeg var i El Rama for litegran siden var procuradurian i full gang med å dele ut landtitler. Forklaringen jeg fikk er a området fra nyttår skal underlegges RAAS fullstendig og at dermed eldsterådene kommer til å ville ha en finger med i spillet og at man derfor ville skape fakta før dette skjer. Utefra virket det i hvert fall som om myndighetene fortsatt mente disse er viktige.
Legg inn en kommentar