mandag 15. september 2008

Ernesto Cardenal til Oslo



Ernesto Cardenal (f. 1925) er ein av Latin-Amerika sine store frigjeringsdiktarar. Som ung mann i Nicaragua kjempa han mot det strenge Somoza-diktaturet og kom i fengsel for dette. Etter ein periode i eksil i USA, kom Cardenal tilbake til heimlandet og sat som kulturminister i Sandinistregjeringa fram til 1987. På midten av 90-talet braut han med Sandinistane i protest mot det han meinte var i ferd med å bli eit autoritært regime.

Nyleg var Ernesto Cardenal på besøk i Paraguay i samband med innsettinga av den nye presidenten Fernando Lugo, tidlegare biskop i den katolske kyrkja. Under besøket i Paraguay uttalte Cardenal seg krast mot Daniel Ortega sitt korrupte og familiebaserte regime. Dette medførte at Daniel-lojalistane i Nicaragua sette i gang ei kampanje for å kneble Cardenal; ei av dei viktigaste opposisjonsrøystene i landet, mellom anna vart han trua med fengsling for landsforederi.

Daniel Ortega skulle med rett også vere til stades under presidentinnsetjinga, men avlyste besøket etter at ein sentral minister i Paraguay uttalte at ein ikkje burde invitere violadores – overgriparar.

Cardenal blanda tidleg sitt politiske engasjementet med jobben som prest, og vart sett på som ein revolusjonær innanfor kyrkja pga sine frigjeringsteologiske metodar. I nokre av dikta sine kritiserte han den imperialistiske påverknaden USA har hatt og framleis har i Mellom-Amerika, og han har tala høgt om naud og håp for dei undertrykte i Latin-Amerika. Korleis ser han på kontinentet i dag?

Dette og andre spørsmål vil komme opp når Cardenal 24.september møter Kjartan Fløgstad og journalist Sigrun Slapgard til samtaler på Litteraturhuset i Oslo.



2 kommentarer:

Johannes Wilm sa...

Ja, men godeste her Cardenal er jo ogsaa forretningsmann og har komemt seg opp im en injuri-sak mot en tysker der han naa ble doemt til aa betale hele 1000USD (5000kr) eller ca. havlparten av boten hver av oss fikk for aa kaste oss foran kongens bil under norges 100aarsfeiring.

Men han klarer aa sutre om at han blir udnertrykt av FSLN paa en helt forferdelig maate med den boten. Patetisk!

Thusnelda sa...

Hei Silje! Datt pluttseleg inn på bloggen din. Ka du opplever der borte. Det må vere vanskeleg å få dei store kontrastane i verda så inn på livet. Det riv meg i hjarte at det kan vere så urettferdig fordelt. Elles så skriv du så steikande godt at vil anbefale deg å gi ut bok. Klem.