fredag 19. juni 2009

Noreg kuttar budsjettstønad til Nicaragua

Noreg kjem ikkje til å gå inn i ei ny avtale om budsjettstønad til Nicaragua, melder Den norske ambassade i Managua. Hovudårsaken til dette er at landet si regjering ikkje viser tilstrekkeleg respekt for demokratiske spelereglar - noko som særleg kom til uttrykk i samband med fjordårets lokalval.

Budsjettstønaden som var på 20 millionar kronar vil no verte nytta til andre formål, mellom anna tiltak innanfor rein energi.

Mykje tyder på at Nicaragua vil sjå eit djupt kutt i internasjonal bistand frå fleire hald. USA avgjorde tidlegare denne månaden å føreta den endelege nedskjæringa i stønaden til tusensårsmåla som har vore fryst i lang tid. Denne avgjerdsla inneberer eit kutt på 62 millionar dollar. Også andre bilaterale gjevarar som har venta på kva USA ville føreta seg, vil truleg følgje etter og kutte i stønad.

President Daniel Ortega har på si side uttalt at han vil føle seg friare utan USA sin stønad, og at alle kutt i bistand frå USA vil bli utlikna av auka stønad frå frå Venezuela og Hugo Chavez.