mandag 14. april 2008

Isla de Ometepe og Vulcan Concepcion

Den vulkanske øya Ometepe i Nicaraguasjøen er landet sin stolte kandidat til verda sine sju nye naturlege underverk (Stem her: http://www.new7wonders.com/nature/en/nominees/northamerica/c/OmetepeIsland/), og er verda si største øy i ferskvatn. Øya er forma av to vulkanar; ein høg og ein litt lågare, og med ei smal og flat landtunge som knyt dei to majestetane saman.
Nicaraguasjøen er enorm og frå stranda Santo Domingo på austsida av øya, i botn av dei to vulkanane, lurer storleiken deg til å tenke at du er ved eit stort hav. Synet av dei to vulkanane frå sjøen er imponerande og ei oppleving i seg sjølv, men for verkeleg å få Ometepe under huda må ein dra seg sjølv opp på ein av dei to toppane, eller begge. Maderas, den minste, er dampande varm og irrgrøn, Concepcion, den høgste er stupbratt og nesten litt truande. Vårt val fall på Concepcion; marsipansjokoladen i konfektøskja Nicaragua:

“Fucking hard, but outstandingly beautiful”, var den lokale guiden si skildring av El Concepcion då eg spurte han ut om vulkanen kvelden før. Concepcion er Nicaragua sin nest høgste vulkan, og er nesten like vakker som Momotombo. Vi starta turen kl fem om morgonen i herleg overskya ver. I tillegg låg skyene langt nedover fjellsida slik at då vi kom litt opp i høgda og det begynte å bli tung og varmt, fekk vi gleda av den kalde og fuktige lufta som skyene laga. Håpet var at skyene ville forsvinne etterkvart som vi nærma oss toppen, slik at vi kunne nyte utsikta over krateret, øya og innsjøen. Etter tre timar nærma vi oss toppen, men det var enno ikkje teikn til at skyene ville forsvinne og vi såg ikkje så mykje meir enn dei enorme begoniaplantene som omringa stien vi gjekk på. Guiden meinte at det luraste vi kunne gjere var å sette oss ned i buskene, verne oss mot vind og kulde der, og vente på at det letta. På toppen ville det vere for kaldt å sitte. Vi gjorde som hans sa og vart liggande i ei seng av begonia i over ein time. Då det framleis ikkje hadde letta og kulda hadde teke bustad i meg fullstendig, bestemte vi oss for å gå mot toppen. Krateret var ikkje meir enn 20 minutt unna, og viste seg å vere eit eventyrlandskap. Overveldande og skremmande på same tid; krateret av Concepcion var som ei heksegryte som bobla og buldra, fylt av svovel som såg ut som snø. og andre stoff som gav fargar av grønt, gult, svart, raudt…Rundt oss var det framleis ein vegg av kvite skyer, og då dette biletet vart teke visste eg enno ikkje at den etterlengta utsikta var i ferd med å komme til syne:

Då Maderas, den andre vulkanen på øya, kom til syne i det fjerne, forstod vi verkeleg kvifor Ometepe er ein verdig kandidat dei sju nye naturlege underverka i verda


tirsdag 8. april 2008

Nicaragua, jomfrua, abort og kontroll over kvinnekroppen


Foto: Lene Rødsand
I over hundre år hadde kvinner i Nicaragua rett på såkalla terapeutisk abort; det vil sei rett til å fjerne fosteret dersom kvinna vart utsatt for valdtekt, dersom ho var svært ung eller om det skulle vere fare for mors liv. I 2006 vart denne abortlova kasta i bosset og brent opp av ein gjeng politikarar som valte å konsulterer konservative biskopar i den katolske kyrkja heller enn folk med medisinsk ekspertise. Lova vart vedteken i regjeringa som sat før Daniel Ortega, men Daniel sjølv synst lova var fin og ratifiserte den då han kom til makta. No er abort ulovleg i Nicaragua. Punktum.

Dette har skapt frustrasjonar i store delar av det nicaraguanske folket, men blod og tårer har så langt ikkje fått politikarar til å skifte meining. Samstundes er folket splitta i den forstand at mange meiner at den nye lova er god, og at berre Gud har rett til å avgjere om eit liv skal leve i mors liv eller ei, eller for den saks skuld om ei mor skal overleve eit svangerskap.

Eg greier ikkje å la vere å tenke på at dette har noko med jomfrua å gjere, mora til Jesus.
Nicaragua sin forkjærleik for Jomfru Maria - la purisima, den ubesudla og reine, går langt tilbake i tid og er framleis sterk blant mange, spesielt kvinner. Kanskje er jomfrua viktigare her enn i noko anna land, og dyrkinga av ho er djup, spirituell og emosjonell. Ein av grunnane til dette kan også vere det mysteriet og dei legendene som omringar førestillingane om Jomfru Maria her i Nicaragua.

Mange tenkjer seg at Maria står som det absolutte symbol og ideal på det å vere mor, og også som symbol på heile og reine kvinner. I yttarste forstand er dette knytt til kvinner sin seksualmoralske karakter, og idealet om å vere jomfru inntil ekteskapet vert inngått. Feiring av kvinnekroppen sitt heile og det at den er ikkje-penetrert før ekteskapet, kjem til uttrykk nettopp gjennom dyrking av ulike mariahelgenar. Familiar reagerer ulikt på graviditet utanfor ekteskap, men i nokre ekstreme tilfeller der barnefaren ikkje ynskjer å gifte seg med jenta, reagerer henna familie med å sende henne vekk under graviditeten for så å invitere henne heim igjen når barnet er født. Fødselen blir sett på som ein reinsingsprosess og morskap blir jenta si velsigning og forlating. Mens ein før var hore og hadde ein "broten" kropp, er ein no blitt mor, klok og absolutt rein. Slik er krafta i morsrolla for enkelte svært viktig og representerer trøst, tilflukt og omsorg. Det reine er ei ære og ein moralsk kapital som kvinnene oppnår gjennom det å bli mor.

Mange moderne nicaraguanske kvinne ville sjølvsagt le seg i hjel av denne gammalmodige måten å forstå kvinner på, men innanfor kyrkja som framleis har mykje makt, og i miljø der fatalisme (trua på at Gud styrer lagnaden) står sterk, er dette ikkje så langt i frå realiteten.

Det er kanskje søkt å knyte den nye abortlova opp til førestillingar om Jomfru Maria, men i jakta på andre gode forklaringar på at loven i det heile teke fekk gjennomslag, ser det ut som vi må vegen om religion for å forstå. I tillegg kan ein jo også tenkje seg at det var reint valflesk for Daniel og co, men så er jo heller ikkje vegen mellom kyrkje og stat så lang lenger heller. Daniel har bytta ut den «lille raude» med den «det nye og det gamle», og kyssar rumpa til alt som kan krype og gå av prestar.


Kardenal Obando y Bravo er ven med Daniel "besaculo"Ortega

Les meir om abortlova i Nicaragua her:

http://www.nytid.no/index.php?sk=&id=4469



mandag 7. april 2008

Cosigüina

Dersom du køyrer langs den nordvestlege kystlinja av Nicaragua er naturreservatet Cosiguina den perfekte enden av vegen. Eg fekk aldri auge på vulkanen som vi skulle gå på dagen etter, før guiden min peika den ut for meg. For meg såg den berre ut som ein lang åsformasjon, men Rigo forklarte at det var det som var igjen av Mellom-Amerika sin ein gong høgste vulkan. Cosigüina eksploderte i 1835 og sendte oske heile vegen til Mexico i nord og Colombia i sør. Det er det året som guiden si bestemor alltid kalla ”the year of the smoke”

Vi hadde ein romantisk ide om å overnatte på Hotell Hacienda Cosigüina, ein gamal storgard i spanskkolonial stil. Til vår overrasking og skuffing var garden stengt, og det einaste teiknet til liv var ein lite boa som låg oppkveila på den forlatne terrassen.

Dette førte til at vi enda opp med å overnatte i Potosi som, til tross for ei natt med lite søvn, gav oss gleda av å møte vår lokale guide Tomas, og andre menneske i denne avkroken av verda; den mest nordvestliggande staden i Nicaragua

Eg vakna kl tre neste morgon av eit orkester av kåte grisar og døgnville hanar. I vissa om at eg skulle starte vulkanturen tre timar seinare, prøvde eg desperat å få sove igjen. I svevande augeblink mellom sovande og vaken tilstand, drøymde eg at guiden min neste dag ikkje ville klatre opp vulkanen, men heller køyre meg i bil til motsatt side av fjellet der eg frå ein høgtliggande bilveg kunne sjå krateret av Cosigüina.

Då klokka ringte nokre timar seinare var guiden heldigvis klar til kamp og vi starta turen etter ein feit frukost på den nyopna comedoren: Las brisas del gulfo

Etter å ha køyrt i ein halv time gjennom jordbruksområder forlot vi land cruiseren på garden til ein venleg, fattige familie med minst ti ungar. Derifrå vandra vi i to timar gjennom tørr tropisk skog. Turen opp til krateret av Cosigüina (som ligg på ca 800m), var ein daff søndagstur på fine stiar i eit litt uinspirerande terreng


Nett då eg begynte å tenke at dette var i ferd med å bli kjedelig, nådde vi i toppen. Der opp fekk eg ei naturoppleving som kanskje er det beste eg har hatt i Nicaragua. Vulkanen som utanpå såg ut til å berre vere ei skogkledd åsside, viste seg å bære på eit nesten perfekt sirkelforma krater med ein irrgrøn kratersjø i botn. Ein kan miste pusten av mindre.

tirsdag 1. april 2008

Corn(y) Island


Big og Little Corn, den store og lille maisøya, ligg rett aust for Bluefield og i det karibiske hav. Som to harmoniske brør ligg dei to øyane og kjæler kvarandre i søvn i brisen frå den varme karibiske vinden. Likens vart tre vestlendingar byssa i dvale frå den same brisen og fann ro i regnbogefarga hengekøyer. Vatnet er krystallklartturkis, og berre latskap gjer til at vi vel hengekøya framfor vatnet. Corn Island er ein klassisk karibisk draum. Det er eit under at ikkje fleire tyrste turistar finn vegen hit, men slikt forundrar jo alle stader i Nicaragua meg. For vi er framleis i Nicaragua til trass for at ingen heilt kan tru det, ein times flytur frå støvete og litt ugjestmilde Managua. Brått er det slutt på katolske kyrkjer, det spanske språket og marengue. Her er det heller morovia-kyrkjer, broken english og reggae. Det lukter ginger og lime, og alt er laga av og på kokosmelk.

På Nicaraguas sin austkyst, den som vender mot Karibia, og på øyene utanfor, har det budd folk lenge. Dei fleste har ei eller anna form for urbefolkningsbakgrunn, eller i det minste ein anna bakgrunn enn den ordinere latino. Her finn vi snararar garifuna, miskito, rama, suma og kreolar som snakkar sine respektive og rare språk. Gjennom historia har disse menneska i stor grad levd adskilte frå Nicaragua sitt sentrum, og frå det spansk-katolske livet på Stillehavskysten. Mange meiner at dei framleis er for ein periferi å rekne, og i Leon seier folk at dei representerer algo differente – noko anna. Nokre går langt og seier at dette er eit mørkt område, der svart magi for råde som den vil, der menneska er farleg og umulege å forstå seg på. Eg vil ikkje trekke det så langt, men heller sei at menneska her er tjukke, blide og høge på livet. Sånn ved fyrste augekast i alle fall.

Då eg var i Bluefields, ein av dei største byane på austkysten i haust, huskar eg å tenke at dette er corny. Ein mix av folk og fe som på ingen måte kunne seiast å ha spesielt mykje til felles med det samfunnet eg er vand med i Leon, men likefult nicaraguansk i geografisk forstand. På same vis er Corn Island supercorny, og herleg annleis.