mandag 14. april 2008

Isla de Ometepe og Vulcan Concepcion

Den vulkanske øya Ometepe i Nicaraguasjøen er landet sin stolte kandidat til verda sine sju nye naturlege underverk (Stem her: http://www.new7wonders.com/nature/en/nominees/northamerica/c/OmetepeIsland/), og er verda si største øy i ferskvatn. Øya er forma av to vulkanar; ein høg og ein litt lågare, og med ei smal og flat landtunge som knyt dei to majestetane saman.
Nicaraguasjøen er enorm og frå stranda Santo Domingo på austsida av øya, i botn av dei to vulkanane, lurer storleiken deg til å tenke at du er ved eit stort hav. Synet av dei to vulkanane frå sjøen er imponerande og ei oppleving i seg sjølv, men for verkeleg å få Ometepe under huda må ein dra seg sjølv opp på ein av dei to toppane, eller begge. Maderas, den minste, er dampande varm og irrgrøn, Concepcion, den høgste er stupbratt og nesten litt truande. Vårt val fall på Concepcion; marsipansjokoladen i konfektøskja Nicaragua:

“Fucking hard, but outstandingly beautiful”, var den lokale guiden si skildring av El Concepcion då eg spurte han ut om vulkanen kvelden før. Concepcion er Nicaragua sin nest høgste vulkan, og er nesten like vakker som Momotombo. Vi starta turen kl fem om morgonen i herleg overskya ver. I tillegg låg skyene langt nedover fjellsida slik at då vi kom litt opp i høgda og det begynte å bli tung og varmt, fekk vi gleda av den kalde og fuktige lufta som skyene laga. Håpet var at skyene ville forsvinne etterkvart som vi nærma oss toppen, slik at vi kunne nyte utsikta over krateret, øya og innsjøen. Etter tre timar nærma vi oss toppen, men det var enno ikkje teikn til at skyene ville forsvinne og vi såg ikkje så mykje meir enn dei enorme begoniaplantene som omringa stien vi gjekk på. Guiden meinte at det luraste vi kunne gjere var å sette oss ned i buskene, verne oss mot vind og kulde der, og vente på at det letta. På toppen ville det vere for kaldt å sitte. Vi gjorde som hans sa og vart liggande i ei seng av begonia i over ein time. Då det framleis ikkje hadde letta og kulda hadde teke bustad i meg fullstendig, bestemte vi oss for å gå mot toppen. Krateret var ikkje meir enn 20 minutt unna, og viste seg å vere eit eventyrlandskap. Overveldande og skremmande på same tid; krateret av Concepcion var som ei heksegryte som bobla og buldra, fylt av svovel som såg ut som snø. og andre stoff som gav fargar av grønt, gult, svart, raudt…Rundt oss var det framleis ein vegg av kvite skyer, og då dette biletet vart teke visste eg enno ikkje at den etterlengta utsikta var i ferd med å komme til syne:

Då Maderas, den andre vulkanen på øya, kom til syne i det fjerne, forstod vi verkeleg kvifor Ometepe er ein verdig kandidat dei sju nye naturlege underverka i verda


1 kommentar:

Anonym sa...

Fantastiske bilete! Skulle ønske eg fekk med meg Concepción saman med dykk, men Maderas var også bra! Sjekk min blogg: grannelandet.blogspot.com

Kanskje kjem det noen mimrebilde frå Nicaragua òg etterkvart ...