lørdag 22. mars 2008

San Cristobal - endå ei vulkanoppleving


San Cristobal er Nicaragua sin høgste vulkan på 1775 m. Ikkje akkurat ei avskrekkande høgd, men det var bratt og fælt med rullande steinar og skarpe kaktusar. Uansett fint å vere på tur med Ragnhild, Magnvard og andre vener frå hist og her. God langfredag.

mandag 17. mars 2008

Samana Santa - Heilag veke

Det er påske i Leon. Det er det vel heime også. På spansk er påske samana santa, altså heilage veke. Det heilage vert representert gjennom sorgtunge prosesjonar der menneske lid seg gjennom gatene, nokre på kne, andre med blytunge maria-og kristusstatuar på akslane. Kyrkjeklokkene ringer heile natta på dommedagliknande vis og det er vanskeleg å sove. Men ein skal jo lide i den heilage veka, kjenne på kroppen det Jesus og hans næraste måtte gjennomgå for ei æve sidan.

Samstundes står det heilage i skarp kontrast til det profane, eller det ikkje-religiøse. Berre nokre kilometer unna prosesjonane, på stillehavsstranda Las Piñitas sprett folk ølkorkar, og kastar kleda. Dei festar, drikk, druknar og slost. For i den heilage veka står Nicaragua på hovudet. Byane vert tømde for folk som fyller pick-upen med stolar, bord, madrasser og mat, og invaderer dei elles så deilige og aude strendene. Snart vert dei fulle av søppel, ungeskrik og kvinneskrål, fyllikar og bråkete firehjulingar. Når nordmenn drikk alkohol trur vi at vi kan danse og synge, men når nicaraguanarar drikk alkohol trur dei at dei kan symje. Dette kan sjølvsagt få katastrofale følgjer og det druknar dobbelt så mange menneske i påska som elles i året.

Omar Cabezas, ein av dei litterære heltane i Nicaragua, har skildra påskeveka i Leon slik (fritt omsett frå spansk):

"I den heilage veka er Leon ein spøkelsesby. Dagane er varme, ekstremt varme. Fortauet er varmt, støvet er varmt, bilseta er varme, benkane i parken er varme, til og meg vatnet i springen er varmt. Alt i denne byen er varmt i den heilage veka. Berre fatt at Leon er varm i den heilage veka. Merk deg at det er så varmt at det nesten ikkje er bilar i gatene. Det er så varmt at det heller ikkje er menneske i gatene for alle har reist ut til sjøen. Med alle meiner eg la burguesia; dei rike som bur i sentrum av Leon. Berre hundane spring gjennom gatene med glasaktige auge og skum i kjeften, dei snur seg verken til høgre eller venstre for til sides er det endå varmare. Dei følgjer etter dei få skuggane som finst i gata, men til og med skuggen er varm. Alt er stengt, frå butikkar til hus. Slik er den heilage veka Leon. "
- Omar Cabezas, La Montaña es algo mas que una inmensa estepa verde

Eg sit heime og sveittar og kjenner at Omar Cabezas har rett, sjølv om skildringa hans er frå 1960-talet ein gong. Det er forferdeleg varmt. Berre eg rører meg ein millimeter rett sveitten, spesielt frå knehasane og frå halsen. Magnvard har gjort som dei rike og dratt ut til stranda og sit nok med ei kald pils i handa og synst det står til. Eg ventar på Ragnhild som skal komme til Managua i kveld. Der er det, om mulig, endå varmare og endå meir støv.

tirsdag 11. mars 2008

Daniel Ortega - nuestro presidente!

På 1980-talet var Daniel Ortega sentral i den sandinistiske revolusjonen og representerte frigjering og håp for eit folk som i 36 år hadde vore styrt av Somozafamilien. Gata sitt parlament kasta tyrannen, og Daniel Ortega kunne som leiar av den nye regjering sole seg i glansen av internasjonal applaus, for ei stutt tid. Revolusjonen fekk tverrpolitisk støtte verda over, spesielt frå dei "venstrehendte". Men då Daniel tapte presidentvalet i i 1990 var det nærmast som ei symbolsk avslutning på 70- og 80-talet sin romanse mellom venstresider i Europa og radikale heltefigurar i Latin-Amerika. Etter tre tapte valkampar lukkast han igjen i 2006 og tok over som president i 2007, men no med eit tydeleg mindre potensial som helt. Han har skifta ut den militære drakta med kvit skjorte (av og til rosa), han gjer stadige tilnærmingar til næringslivet, seier ja takk til frihandelsavtalar med USA og andre tigrar, og ber til Gud heller enn til Marx. Likevel har han etter valkampen hold flammande talar i FN om USA sin vedvarande imperialisme, og han hyller Fidel/Raul og Chavez på revolusjonsglødande vis. Nyleg følgde han Chavez sine oppmodingar om å bryte diplomatiske band med Columbia etter at den colombianske hæren gjekk over på ecuadoriansk jord for å utslette sentrale medlemmer i geriljaorganisasjonen FARC. Det heile vart patetisk då Ecuador, Venezuela og Columbia tok kvarandre i hendene dagen etter og avblåste den diplomatiske krisa. Difor har Daniel etter kvar fått eit litt uheldig stempel som lillebror, lommerusk og nikkedokke i møte med dei eldre ungane i leikegrinda, og avisene her i Nicaragua er fulle av flaut Daniel-stoff. Slik har Daniel gått i frå høg popularitet til avgrunnsdjup forakt i løpet av imponerande kort tid, og det gjenstår enno å forstå om det er retorikken eller politikken hans som ligg lengst til venstre. Nicaragua sørger no over at Daniel nærmast har blitt ein parodi som denne:

onsdag 5. mars 2008

Silvio Rodriguez

Kem e det?? Ein bonde frå Instedalen?? Då Silvio kom på scena i Managua på søndag vart eg rysta over kor gammal han var blitt. Eg viste det jo eigentleg, men det er vel slik med idol at dei er udødelege og uforanderlege. I mitt hovud er Silvio ein tynn, flott mann i trettiåra med slengbukse og halvlangt hår. I den verkelege verda har han blitt 69, litt småtjukk og fører ein besynderleg klesstil som minner meg litt om den til bøndene heime på bygda; cap, briller som gjev gjenskinn, og alt for store dongeribukser.


Men stemma var den same. Vakker og inderleg. Silvio Rodriguez er utan tvil både hjarte og hjernen bak den musikalske rørsla "nueva trova", og mange menneske i Latin Amerika kjenner seg enno igjen i hans tekstar og poesi. I tillegg song han alle songane eg hadde håpa at han ville synge, med unntak av ein: Cancion Urgente para Nicaragua (Ein song i all hast til Nicaragua). Denne songen skreiv cubanske Silvio ein gong på 80-talet. Låta vart skrive som ei gåve til det nicaraguanske folket som den gong lei store tap i borgarkrigen mellom Contras-styrkane og regjeringshæren til sandinistane. I tillegg var songen skrive i sympati til eit folk som hadde vore gjennom ein revolusjon som kunne minne om den cubanske.

Denne songen venta alle på under konserten. Då Silvio gjekk av scena og seinare vart klappa tilbake for å gjere ekstranummer, ville dette ha vore ein sjølvskriven låt. Men han song den ikkje. Han song tre andre songar og gjekk av scena. Folk begynte å bli urolege og ropte otra, otra, urgente, urgente for å få mannen tilbake på scena. Han kom. Eg begynte å tenke at dette var jammen ein skitten strategi for å bli klappa tilbake for tredje gong, men at han no i alle fall ville gjere ein uforgløymeleg gran final med å synge cancion urgente para Nicaragua. Men nei. Ikkje denne gongen heller. Han mumla noko om at verda og røynda har endra seg, og det er ein song som han, minst av alle, har høve til å synge.

Vi vart litt fjetra. Kvifor ville han ikkje framføre denne visa? Er han lei seg for at Fidel har gjeve frå seg makta, eller er han forbanna for at det var broren til Fidel som skruppellaust overtok makta? Eller kanskje han er misfornøgd med måten Daniel Ortega styrer Nicaragua på, og slik ikkje ville synge ein song som var skrive i ei tid då Daniel styrte landet på andre premissar? Kven kveit. Folk vart uansett ekstremt fornærma og enda med å bue og ule. Eg kan tenke meg at mange i det nicaraguanske publikum sat igjen med ei kjensle av at dei har fått ei gåve som no vart teke i frå dei.

For meg var det uansett ei historisk oppleving. Takk Silvio.


tirsdag 4. mars 2008

Momotombo - ei vulkanoppleving


Det er sjeldan eg har følt meg meir klønete på fjelltur. Då vi nærma oss toppen på fine Momotombo (den største av dei to på bilete) var det berre så vidt det gjekk an å halde seg på føtene. Vinden tok tak i oss og rista vettet ut av meg og alle andre. Steinane rulla og landskapet var i konstant bevegelse. Til tross for at vulkanen var bratt var utfordringa meir mental enn fysisk. Ikkje det at eg var så himla redd, men det tar på å skulle klamre seg til rullande steinar i ei evighet samstundes som det er ein fordel å bevege seg oppover fjellsida. I tillegg drog vinden med seg ørsmå sandpartiklar som kleba seg til hud og hår, tetta øyregangar og tårekanalar. Hundre meter frå toppen måtte vi difor gje tapt for naturkreftene og snu. Det var trist. Eg har ei litt barnsleg holdning til fjell og synst liksom ikkje eg har vore på tur utan å ha kome på toppen...

Momotombo er uansett ein utruleg vakker vulkan, forma nesten som eit perfekt triangel, og med ei fantastisk utsikt over det måneliknande landskapet mellom Leon og Managua. Den er berre den femte høgste i Nicaragua, men eg trur det er den finaste

Det var dessutan utruleg fint å campe i botnen av vulkanen kvelden før, sjå på stjernorna og pugge Silvio Rodriguez-tekstar til konserten dagen etter. Litt bileter frå ein fantastisk tur saman med Flavio, Rigo, Tiril, Simen og Borgny:


Ein av guidane skildra Momotobo slik:

Volcano Momotombo is my favourite volcano. I don't know if it is because I like the ever changing colours of its perfect cone, the physically and mentally challenging hike, or simply because it brings me memories from my childhood. My love and passion for the Nicaraguan outdoors and my life as guide in the Maribios volcanic range began when my brother and I hiked Momotombo with our father at the ages of 9 and 12.

Camping in «el plano de los coyotes», in the bottom of the volcano, is an long-lasting experience and gives you the opportunity to see a close-up of the volcano both at sun-set and sun-rise. If you are lucky you can listen to the coyotes hauling from a distant, ant eaters coming near your tent, find a scorpion inside your shoe or touch the tail of a rattle snake.

If nothing of this occurs though, you are guaranteed a night below a star sprinkled sky, and once a month a full moon appearing behind the majestic volcano

From the summit you'll admire the complete volcanic range which includes El Chonco in the far distant (looking north) and El Hojo in the proximity of Momotombo. The view also includes San Cristobal, the tallest volcano in Nicaragua, Telika with its huge crater and Cerro Negro, the youngest of the volcanoes only 185 years old.


Alle foto: Borgny Marianne Knudsen


Ruben Darío, Nicaragua sin store nasjonaldiktar skildra Momotombo slik ein gong på 1800 - talet:

¡Oh Momotombo ronco y sonoro! Te amo
Por que a tu evocación vienen a mi otra vez,
Obedeciendo a un íntimo reclamo,Perfumes de mi infancia, brisas de mi niñez