mandag 17. mars 2008

Samana Santa - Heilag veke

Det er påske i Leon. Det er det vel heime også. På spansk er påske samana santa, altså heilage veke. Det heilage vert representert gjennom sorgtunge prosesjonar der menneske lid seg gjennom gatene, nokre på kne, andre med blytunge maria-og kristusstatuar på akslane. Kyrkjeklokkene ringer heile natta på dommedagliknande vis og det er vanskeleg å sove. Men ein skal jo lide i den heilage veka, kjenne på kroppen det Jesus og hans næraste måtte gjennomgå for ei æve sidan.

Samstundes står det heilage i skarp kontrast til det profane, eller det ikkje-religiøse. Berre nokre kilometer unna prosesjonane, på stillehavsstranda Las Piñitas sprett folk ølkorkar, og kastar kleda. Dei festar, drikk, druknar og slost. For i den heilage veka står Nicaragua på hovudet. Byane vert tømde for folk som fyller pick-upen med stolar, bord, madrasser og mat, og invaderer dei elles så deilige og aude strendene. Snart vert dei fulle av søppel, ungeskrik og kvinneskrål, fyllikar og bråkete firehjulingar. Når nordmenn drikk alkohol trur vi at vi kan danse og synge, men når nicaraguanarar drikk alkohol trur dei at dei kan symje. Dette kan sjølvsagt få katastrofale følgjer og det druknar dobbelt så mange menneske i påska som elles i året.

Omar Cabezas, ein av dei litterære heltane i Nicaragua, har skildra påskeveka i Leon slik (fritt omsett frå spansk):

"I den heilage veka er Leon ein spøkelsesby. Dagane er varme, ekstremt varme. Fortauet er varmt, støvet er varmt, bilseta er varme, benkane i parken er varme, til og meg vatnet i springen er varmt. Alt i denne byen er varmt i den heilage veka. Berre fatt at Leon er varm i den heilage veka. Merk deg at det er så varmt at det nesten ikkje er bilar i gatene. Det er så varmt at det heller ikkje er menneske i gatene for alle har reist ut til sjøen. Med alle meiner eg la burguesia; dei rike som bur i sentrum av Leon. Berre hundane spring gjennom gatene med glasaktige auge og skum i kjeften, dei snur seg verken til høgre eller venstre for til sides er det endå varmare. Dei følgjer etter dei få skuggane som finst i gata, men til og med skuggen er varm. Alt er stengt, frå butikkar til hus. Slik er den heilage veka Leon. "
- Omar Cabezas, La Montaña es algo mas que una inmensa estepa verde

Eg sit heime og sveittar og kjenner at Omar Cabezas har rett, sjølv om skildringa hans er frå 1960-talet ein gong. Det er forferdeleg varmt. Berre eg rører meg ein millimeter rett sveitten, spesielt frå knehasane og frå halsen. Magnvard har gjort som dei rike og dratt ut til stranda og sit nok med ei kald pils i handa og synst det står til. Eg ventar på Ragnhild som skal komme til Managua i kveld. Der er det, om mulig, endå varmare og endå meir støv.

1 kommentar:

Anonym sa...

Heia.----og her er vi i snøtunge Naustdal.2dagar med flotte skiturer på Vona.Skjærtorsdag i dag,tung snø laver ned!!Vi har komle/saltkjøt og julepølser på menyen.Hels, og kos dokke i varmen.Som det står i julesangen:"eia var vi der".