onsdag 5. mars 2008

Silvio Rodriguez

Kem e det?? Ein bonde frå Instedalen?? Då Silvio kom på scena i Managua på søndag vart eg rysta over kor gammal han var blitt. Eg viste det jo eigentleg, men det er vel slik med idol at dei er udødelege og uforanderlege. I mitt hovud er Silvio ein tynn, flott mann i trettiåra med slengbukse og halvlangt hår. I den verkelege verda har han blitt 69, litt småtjukk og fører ein besynderleg klesstil som minner meg litt om den til bøndene heime på bygda; cap, briller som gjev gjenskinn, og alt for store dongeribukser.


Men stemma var den same. Vakker og inderleg. Silvio Rodriguez er utan tvil både hjarte og hjernen bak den musikalske rørsla "nueva trova", og mange menneske i Latin Amerika kjenner seg enno igjen i hans tekstar og poesi. I tillegg song han alle songane eg hadde håpa at han ville synge, med unntak av ein: Cancion Urgente para Nicaragua (Ein song i all hast til Nicaragua). Denne songen skreiv cubanske Silvio ein gong på 80-talet. Låta vart skrive som ei gåve til det nicaraguanske folket som den gong lei store tap i borgarkrigen mellom Contras-styrkane og regjeringshæren til sandinistane. I tillegg var songen skrive i sympati til eit folk som hadde vore gjennom ein revolusjon som kunne minne om den cubanske.

Denne songen venta alle på under konserten. Då Silvio gjekk av scena og seinare vart klappa tilbake for å gjere ekstranummer, ville dette ha vore ein sjølvskriven låt. Men han song den ikkje. Han song tre andre songar og gjekk av scena. Folk begynte å bli urolege og ropte otra, otra, urgente, urgente for å få mannen tilbake på scena. Han kom. Eg begynte å tenke at dette var jammen ein skitten strategi for å bli klappa tilbake for tredje gong, men at han no i alle fall ville gjere ein uforgløymeleg gran final med å synge cancion urgente para Nicaragua. Men nei. Ikkje denne gongen heller. Han mumla noko om at verda og røynda har endra seg, og det er ein song som han, minst av alle, har høve til å synge.

Vi vart litt fjetra. Kvifor ville han ikkje framføre denne visa? Er han lei seg for at Fidel har gjeve frå seg makta, eller er han forbanna for at det var broren til Fidel som skruppellaust overtok makta? Eller kanskje han er misfornøgd med måten Daniel Ortega styrer Nicaragua på, og slik ikkje ville synge ein song som var skrive i ei tid då Daniel styrte landet på andre premissar? Kven kveit. Folk vart uansett ekstremt fornærma og enda med å bue og ule. Eg kan tenke meg at mange i det nicaraguanske publikum sat igjen med ei kjensle av at dei har fått ei gåve som no vart teke i frå dei.

For meg var det uansett ei historisk oppleving. Takk Silvio.


Ingen kommentarer: