onsdag 23. januar 2008

Olla Olla ahaha

Olla Quemada (les: oja kemada) betyr brent kokepanne og er "in"- staden i Leon kvar onsdag. Her dansar lesbene på bordet, og glade menn svingar rumpa i rasande fart for å imponere chelas, gringas og lokale mamacitas. Ofte er det eigaren av baren sjølv, Carola som spelar opp til dans, og kvelden vert alltid strålande fin når ho syng. Carola vert gjerne akkompagnert av Marti som dansar heftig og oppeksa, som Leon sitt svar på Gale-Matias. Sjå og lær:


søndag 20. januar 2008

Eit vulkanutbrot av kvinner



Mektig og fin, svart som natta og katta. Cerro Negro er Nicaragua sin yngste vulkan, berre 158 år gamal, og står som ein mørk kontrast til den grøne vegetasjonen omkring. Det tek berre ein halv time å komme opp på kanten av krateret, men turen er likevel eventyraktig fin. Her luktar det sterkt av sulfat og kobber, og det dampar frå krateret. Legender her i Nicaragua fortel at helvete luktar sulfat, og når ein kikkar ned i krateret til Cerro Negro kan ein kanskje også førestille seg nokre av dei fysiske konstruksjonane i paradiset sin motpol.

For å komme til botn av vulkanen igjen spring ein i vulkansk sand som kan minne litt om å springe i nysnø. Det er sjeldant at ein ser 80 nordmenn komme veltande og hylande ned eit vulkansk fjell, og det fekk meg til å tenke på noko ein tidlegare mannleg student så fint da det; "Dette er fantastisk, jeg er vitne til et vulkanutbrudd av kvinner!


Nokre kjem seg raskare ned enn andre:




lørdag 19. januar 2008

Katia Cardenal og Åge A

Foto: Gunvald Andreas Ims

Håra røyste seg på armane til alle då Katia Cardenal og gitaristen Moises Gadea hadde formiddagskonsert for oss på El Convento i går. Nicaraguanske folketonar, cubanske revolusjonsviser, masurka, vuggesongar og Alf Prøysen på spansk.

Historia om korleis songen Dale una luz vart til, er ein kuriositet og seier litt om korleis musikk er med på å skape viktige møteplassar i ei ellers uframkommeleg verd. Det hadde seg slik at Katia og broren Salvador ein gong på 90-talet vart invitert til Noreg av Åge Alexandersen som ynskja at dei skulle gjere ei spansk oversetjing av Akuratt no; Åge Alexandersen si hylding til det trønderske/norske landskapet. Salvador, som synst det vart litt vrient å synge om norske fjordar og fjell på spansk, ba Åge om løyve til å skrive om teksten til å handle om vukanar, mangrover, innsjøar, revolusjon, El Bluff og lagunar. Det synst Åge var heilt fint. Salvador heldt på melodien og i dag er Dale una luz (gje han/ho eit lys) nærmast for ein nasjonalhymne å rekne, og den vert spelt på tv her i Nicaragua kvar dag som ein hyldest til det nicaraguanske landskapet og folket

torsdag 17. januar 2008

Rakettfabrikkeksplosjon

I går kveld eksploderte rakettfabrikken her i Leon. Det er det verste smellet eg har høyrt nokon gong. No er eg rett nok vorte vandt med bråk og fanteri, men dette tok kaka. Utruleg nok var det ingen som omkom i ulykka, men det vi spør oss om no er om rakettane døde for godt. Hadde eigentleg vore heilt greit.

lørdag 12. januar 2008

La casa de Jaqueline

Casa Rigo vart for trangt dette semesteret og eg har flytta inn i nabohuset som tilhøyrer Jaqueline, ei spretten og pen dame som, som så mange andre i Leon, har migrert til USA. Huset står difor igjen med all sin glitter og stas til vår disposisjon. Her bur Rider, ein slekning av Jaqueline som passer på at vi ikkje skjemmer ut huset, samt Simen og Tiril som jobber for kulturstudier denne våren.

Valet av interiør er verdt å sei noko om. Stilen er litt sånn Aladdin goes to Alice in Wonderland. Alt er stort, gult og mykje gull. Her er ei fontene som sprutar vatn ut av eit løvehovud, kjeramikkelefantar, opne kister som flyter over av gull og diamantar, salmevers utstilt på silkestoff, helgenalter og overdimesjonerte nøklar til paradis.

Fyrverkeriet held fram

Sidan tema på denne bloggen til no stortsett har dreia seg om fyrverkeri og bråk er det naturleg å halde fram med dette. Her i Nicaragua har vi fyrverkeri kvar dag, seint og tidleg. Det er ikkje for å lyse opp vinternatta, men snararer for å feire helgenar og heilage jomfruer. Kvar dag skyt folk rakettar i verdet for å tilfredsstille st. geronimo, st. tomás, st. jose, st.rigoberto, og jomfruer i hytt og pine. Kvar dag har sin helgen og då seiner det seg sjølv at det vert mange rakettar å forholde seg til. Nokre gonger er det naturleg å starte oppskytinga allereie før kl 05. Eit godt alternativ til hanegaling, kyrkjeklokker og vekkerklokker.

Nicaragua på nytt


Det var fint å komme tilbake. Desember 07 vart ein tøff månad på mange måtar og på flyet til Nicaragua kjente eg at det var deilig å reise i frå ribbefett, marsipan og eksamenssensur. Turen frå Oslo til Managua tok 24 timar og innholdt ikkje mindre enn fire mellomlandingar. Synet av eviglange grønne stepper avbrutt av treangelforma vulkanar, elvesystem og innsjøar gjorde meg viss på at det vil bli fint med fire nye månader i vakre Nicaragua.