fredag 31. juli 2009

Naboen er kuppa


Nett då ein kjende at freden hadde senka seg over dei små mellomamerikanske landa, eller i alle fall at den hadde lagt seg så pass til ro at ein ikkje trong kjenne seg uroa over neste dags politiske og militære stunt, nett då vart regimet i Honduras utsett for eit militærkupp. Brått er dødsskvadronane tilbake i gatene og kuppmotstandarar «forsvinn» og vert funne drepne på same vis og på same stader som under militærjuntatida på 1980-talet.

President Manuel Zelaya vart tvungen frå makta, i pysjamas, og deportert til Costa Rica 28.juni i år. Ei de-factoregjering leia av Roberto Micheletti vart innsett. Ingen andre land har så langt anerkjent det sittande regime i Honduras, og kuppmotstandarar krev no at internasjonale sanksjonar vert sett i verk.

Ein månad etter kuppet var Zelaya klar for litt provokasjon då han kom fram til grensebyen Las Manos i Nicaragua. På den andre sida av grensa venta militærsjefen med eit stort oppbod av opprørspoliti og soldatar. I følgje avisa El Nuevo Diaro hadde han med seg ein hær av journalistar, inkludert CNN og BBC. Zelaya kryssa grensa og opphold seg på honduransk jord i ein halvtime; ei symbolhandling med klare meldingar til kuppmakarane. Handlinga fekk ingen konsekvensar men den sittande presidenten Robert Micheletti har truga med arrestasjon dersom Zelaya gjer nye forsøk på å ta seg inn i landet. Zelaya svarar med å opprette ein grenseleir mellom Nicaragua og Honduras.

Manuel Zelaya har opphaldt seg over ei veke i Nicaragua og tryggleikstiltaka er store. Over 20 nicaraguanske politifolk fotfølgjer den avsette presidenten, og kritikarane freser over pengestraumen som regjeringa let renne over Zelaya i samband med at han er i landet. Zelaya sjølv seier at han at han ynskjer å bli verande i landet, og takkar for den store gjestfridommen som el presidente Daniel Ortega og frua Rosario Murillo viser. Over 200 soldatar og politifolk er dessutan sett inn for å patruljere grensebyane nord i landet.



tirsdag 28. juli 2009

"Un gran horror" - Totalforbudet mot abort


Kate Gillmore legg fram rapporten ”The total abortion ban in Nicaragua: Women’s lives and health endangered, medical professionals criminalized”

I 2006 innførte Nicaragua totalforbod mot abort. Dette resulterar i at jenter og kvinner ikkje får ta abort etter incest og voldtekt, og at dei vert nekta livreddande behandling dersom dei opplever komplikasjonar i samband med ein graviditet. Mindreårige jenter vert hardast ramma kjem det fram i ein rapport som vart offentleggjort av Amnesty International i dag.

- Rapporten er sjokkerende og viser at totalforbodet mot abort kan føre til en dødsdom for mange jenter og kvinner i Nicaragua, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International Norge i ei pressemleding i dag. - Amnesty har snakket med unge kvinner som har blitt gravide etter incest og som tvinges til å bære frem sine egne brødre og søstre.
Samtidig forteller leger oss at de ikke kan behandle dødssyke gravide kvinner i redsel for å bli forfulgt av myndighetene.


Amnesty International rapport
Granskina av tilhøva i Nicaragua vart leia av Kate Gilmore i Amnesty international og kuliminerte i rapporten ”The total abortion ban in Nicaragua: Women’s lives and health endangered, medical professionals criminalized”. Rapporten er en del av Amnesty International sin fattigdomskampanje.


Kate Gilmore la ingenting i mellom då ho oppsummerte rapporten på ein presskonferanse i Mexico i går. -Det er berre ein måte å skildre det vi har sett i Nicaragua: Frykteleg! (Un gran horror). Det at landet har gjort terapeutisk abort ulovleg er flaut, det er ei skandale for menneskerettane, og eit hån mot legevitskapen.

Vidare fordømde ho det nicaraguanske rettssystemet og understreka at forbodet, som har kosta livet for fleire unge kvinner, var eit produkt av kyniske politiske avtalar som vart forhandla fram i samband med presidentvalet i 2006 som Daniel Ortega Saavedra til slutt vann.


Ortega manglar mot
-Jenter som har vore gravidet etter incest og seksuelle overgrep hadde mot til å møte oss i samband med granskinga, seier Gilmore. – Men presidenten sjølv, eller andre i hans stab, møtte ikkje opp.

Slik viser nicaraguanske myndigheter korleis dei ikkje har høve til å forsvare nicaraguansk lov, eller ta ansvar for denne, eller aller minst ta tak i behovet for oppheve den.


Incest-og voldtektsoffer vert tvinga til å bære fram barn
Totalforbudet mot abort inneberer at jenter og kvinner som tek abort og helsepersonell som utfører den, kan bli straffet med inntil 5 års fengsel. Den nye straffelova som vart innført i 2006 seier at helsepersonell ikkje kan gje jenter eller kvinner med alvorlege sjukdommar, som kreft, malaria og HIV/AIDS, behandling dersom dette truar fosteret.

Lova går så langt at jenter og kvinner som har spontanabortert kan verte straffa, og tvinger vidare jenter som har vore utsett for incest til å bære fram sine eigne systre og brødre.
Samstundes vert ytringsfridommen knebla. Dei som er i mot loven tør ikkje lengre ta til motmæle i frykt for å bli straffa fysisk og psykisk.

Mindreårige hardast ramma
Etter den nye straffelova har ikkje jenter og kvinner som vert gravide etter voldtekt eller incest noko anna val enn å bere fram barnet eller bruke usikre og ulovlege abortmetodar. Voldtekt og incest er underrapportert i Nicaragua, men statistikken tyder på at mange av dei som vert utsett for seksuell vold er jenter og tenåringer. 77 prosent av alle rapporterte voldtekter i desember 2007 gjaldt jenter under 17 år. Ein stor majoritet av dei som vart gravide som følgje av voldtekt og incest var mellom 10 og 14 år.

Amnesty International stille krav:
Amnesty International krev no at myndighetane i Nicaragua:
- straks avskaffar lova som forbyr alle former for abort;
- garanterer gratis og tilgjengeleg abort for voldtektsoffer, og dersom kvinners liv er i fare som følgje av graviditeten;
- sikre ytringsfridommen til dei som kritiserar lova, og tilby omfattande støtte til jenter og kvinner som vert berørt av lova.


Forvirring omkring praksis

Helseministeriet (Minsa - Ministerio de salud) i Nicaragua svarar på tiltale ved å understreka at det vert foreteke abortar dersom det er medisinske indikasjonar (por indicaciones medicas) på at mors liv er i fare. Men myndighetane kan ikkje vise til konkrete tal på kor mange abortar som faktisk vert utført. Den katalske kyrkja og Den autonome kvinnerørsla (el Movimiento Autonomo de Mujeres) - dog med ulike briller - tviler på at utspelet frå Helsedirektøren i la Minsa er fundert i røynda. Uansett, slik situasjonen er i dag vil ein lege som utfører ein abort høgst sannsyleg vere forsvarslaus i ei eventuell rettsak.


Les heile Amnesty-rapporten her