fredag 31. juli 2009

Naboen er kuppa


Nett då ein kjende at freden hadde senka seg over dei små mellomamerikanske landa, eller i alle fall at den hadde lagt seg så pass til ro at ein ikkje trong kjenne seg uroa over neste dags politiske og militære stunt, nett då vart regimet i Honduras utsett for eit militærkupp. Brått er dødsskvadronane tilbake i gatene og kuppmotstandarar «forsvinn» og vert funne drepne på same vis og på same stader som under militærjuntatida på 1980-talet.

President Manuel Zelaya vart tvungen frå makta, i pysjamas, og deportert til Costa Rica 28.juni i år. Ei de-factoregjering leia av Roberto Micheletti vart innsett. Ingen andre land har så langt anerkjent det sittande regime i Honduras, og kuppmotstandarar krev no at internasjonale sanksjonar vert sett i verk.

Ein månad etter kuppet var Zelaya klar for litt provokasjon då han kom fram til grensebyen Las Manos i Nicaragua. På den andre sida av grensa venta militærsjefen med eit stort oppbod av opprørspoliti og soldatar. I følgje avisa El Nuevo Diaro hadde han med seg ein hær av journalistar, inkludert CNN og BBC. Zelaya kryssa grensa og opphold seg på honduransk jord i ein halvtime; ei symbolhandling med klare meldingar til kuppmakarane. Handlinga fekk ingen konsekvensar men den sittande presidenten Robert Micheletti har truga med arrestasjon dersom Zelaya gjer nye forsøk på å ta seg inn i landet. Zelaya svarar med å opprette ein grenseleir mellom Nicaragua og Honduras.

Manuel Zelaya har opphaldt seg over ei veke i Nicaragua og tryggleikstiltaka er store. Over 20 nicaraguanske politifolk fotfølgjer den avsette presidenten, og kritikarane freser over pengestraumen som regjeringa let renne over Zelaya i samband med at han er i landet. Zelaya sjølv seier at han at han ynskjer å bli verande i landet, og takkar for den store gjestfridommen som el presidente Daniel Ortega og frua Rosario Murillo viser. Over 200 soldatar og politifolk er dessutan sett inn for å patruljere grensebyane nord i landet.



Ingen kommentarer: