tirsdag 1. april 2008

Corn(y) Island


Big og Little Corn, den store og lille maisøya, ligg rett aust for Bluefield og i det karibiske hav. Som to harmoniske brør ligg dei to øyane og kjæler kvarandre i søvn i brisen frå den varme karibiske vinden. Likens vart tre vestlendingar byssa i dvale frå den same brisen og fann ro i regnbogefarga hengekøyer. Vatnet er krystallklartturkis, og berre latskap gjer til at vi vel hengekøya framfor vatnet. Corn Island er ein klassisk karibisk draum. Det er eit under at ikkje fleire tyrste turistar finn vegen hit, men slikt forundrar jo alle stader i Nicaragua meg. For vi er framleis i Nicaragua til trass for at ingen heilt kan tru det, ein times flytur frå støvete og litt ugjestmilde Managua. Brått er det slutt på katolske kyrkjer, det spanske språket og marengue. Her er det heller morovia-kyrkjer, broken english og reggae. Det lukter ginger og lime, og alt er laga av og på kokosmelk.

På Nicaraguas sin austkyst, den som vender mot Karibia, og på øyene utanfor, har det budd folk lenge. Dei fleste har ei eller anna form for urbefolkningsbakgrunn, eller i det minste ein anna bakgrunn enn den ordinere latino. Her finn vi snararar garifuna, miskito, rama, suma og kreolar som snakkar sine respektive og rare språk. Gjennom historia har disse menneska i stor grad levd adskilte frå Nicaragua sitt sentrum, og frå det spansk-katolske livet på Stillehavskysten. Mange meiner at dei framleis er for ein periferi å rekne, og i Leon seier folk at dei representerer algo differente – noko anna. Nokre går langt og seier at dette er eit mørkt område, der svart magi for råde som den vil, der menneska er farleg og umulege å forstå seg på. Eg vil ikkje trekke det så langt, men heller sei at menneska her er tjukke, blide og høge på livet. Sånn ved fyrste augekast i alle fall.

Då eg var i Bluefields, ein av dei største byane på austkysten i haust, huskar eg å tenke at dette er corny. Ein mix av folk og fe som på ingen måte kunne seiast å ha spesielt mykje til felles med det samfunnet eg er vand med i Leon, men likefult nicaraguansk i geografisk forstand. På same vis er Corn Island supercorny, og herleg annleis.



2 kommentarer:

Anonym sa...

Etter at du og Ragnhild reiste er eg endeleg kommen i gang med dykkinga. Fint, det er det det er det. Har utsett flybilletten til fredag. Forebels.

Tylen

Anonym sa...

Lukkeleg er den som hadde hatt ei kvit "kokkelure"på badet!!