mandag 7. april 2008

Cosigüina

Dersom du køyrer langs den nordvestlege kystlinja av Nicaragua er naturreservatet Cosiguina den perfekte enden av vegen. Eg fekk aldri auge på vulkanen som vi skulle gå på dagen etter, før guiden min peika den ut for meg. For meg såg den berre ut som ein lang åsformasjon, men Rigo forklarte at det var det som var igjen av Mellom-Amerika sin ein gong høgste vulkan. Cosigüina eksploderte i 1835 og sendte oske heile vegen til Mexico i nord og Colombia i sør. Det er det året som guiden si bestemor alltid kalla ”the year of the smoke”

Vi hadde ein romantisk ide om å overnatte på Hotell Hacienda Cosigüina, ein gamal storgard i spanskkolonial stil. Til vår overrasking og skuffing var garden stengt, og det einaste teiknet til liv var ein lite boa som låg oppkveila på den forlatne terrassen.

Dette førte til at vi enda opp med å overnatte i Potosi som, til tross for ei natt med lite søvn, gav oss gleda av å møte vår lokale guide Tomas, og andre menneske i denne avkroken av verda; den mest nordvestliggande staden i Nicaragua

Eg vakna kl tre neste morgon av eit orkester av kåte grisar og døgnville hanar. I vissa om at eg skulle starte vulkanturen tre timar seinare, prøvde eg desperat å få sove igjen. I svevande augeblink mellom sovande og vaken tilstand, drøymde eg at guiden min neste dag ikkje ville klatre opp vulkanen, men heller køyre meg i bil til motsatt side av fjellet der eg frå ein høgtliggande bilveg kunne sjå krateret av Cosigüina.

Då klokka ringte nokre timar seinare var guiden heldigvis klar til kamp og vi starta turen etter ein feit frukost på den nyopna comedoren: Las brisas del gulfo

Etter å ha køyrt i ein halv time gjennom jordbruksområder forlot vi land cruiseren på garden til ein venleg, fattige familie med minst ti ungar. Derifrå vandra vi i to timar gjennom tørr tropisk skog. Turen opp til krateret av Cosigüina (som ligg på ca 800m), var ein daff søndagstur på fine stiar i eit litt uinspirerande terreng


Nett då eg begynte å tenke at dette var i ferd med å bli kjedelig, nådde vi i toppen. Der opp fekk eg ei naturoppleving som kanskje er det beste eg har hatt i Nicaragua. Vulkanen som utanpå såg ut til å berre vere ei skogkledd åsside, viste seg å bære på eit nesten perfekt sirkelforma krater med ein irrgrøn kratersjø i botn. Ein kan miste pusten av mindre.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kven vart "førstemann uti"?

Silje Førland Erdal sa...

Det er visst nok berre idiotar som tek seg ned den bratte fjellsida for å bade...
S