søndag 28. september 2008

Puerto Cabezas (Bilwi)


Til trass for at hovudstanden i den enorme RAAN (North Atlantic Autonomous Region)-regionen på eit tidspunkt vart gjendøypt Bilwi, refererer dei fleste lokale til byen som Puerto Cabezas eller Puerto. Eller berre Port.

Denne isolerte, tropiske høgborga i Nicaragua sin nordaustlege ekstrem, vart opphavleg etablert av ein gjeng britiske piratar som la grunnlaget for sterk engelsk påverknad på språk og kultur i denne regionen. Sjølv etter at britane takka for seg i 1823 holdt engelskspråklege bedrifter som United Fruit Company eit jerngrep om RAAN og gjorde federal innflytelse minimal. Framleis held folk her på det engelske språket i tillegg til minoritetsspråk som miskito, mayagna, kreol, miskito og spansk og gjer meir business med USA gjennom eksport av reker, hummar og furutømmer enn med andre regionar i Nicaragua. Til trass for at området sidan 1980-talet har fått meir merksemd frå sentrale myndigheiter i Managua, kjenner mange lite identitetsfellesskap med sine landsmenn i vest.

Framleis er her rikeleg med «piratar» som skaffar til livet brød gjennom narkotikatrafikk. Puerto er eit blitt eit viktig knutepunkt for kokainsmugling mellom Columbia og USA. Små pakkar med "white ladies" flyt opp på strendene, kasta over bord av ein nervøs kaptein. Slik er narkotikaindustrien her ikkje berre organisert, men også tilgjengeleg for den vanlege mann og kvinne som vandrer langs strendene og slumper til å finne det kvite gullet. Denne aktivitet gjer til at kriminalitet stadig vekk aukar og at ein blir fortalt at ein ikkje kan stole på nokon. Eg vart oppfordra til å holde nasa rein for kvitt støv, låse meg inn før kl 19, og ikkje opphalde meg på stranda aleine. Ein noko avgrensa rørslefridom med andre ord.

Men eg hadde det fint i Port, og ein av dei morosame tinga å gjere er å vandre langs den endelaust lange kaia (1 km). Denne vart bygd av engelskmenn tidleg på 1800-talet for å ta unna for eksport av kaffi og bananer. Den same kaia vart brukt i 1961 for å lette den mislukka US-leia invasjonen i Grisebukta på Cuba. Hit vart også utanlandske våpen levert, paradoksalt nok både til Sandino og Somoza.


I dag er det fiskarar som styrer showet her, og det er eit interessant skue når fiskarane legg til kai med dagen fangst. Fangsten inkluderer diverre alt for ofte utryddingstruga havskilpaddar som blir liggande forsvarlause på brygga, på ryggen, til nokon snittar dei opp, henter ut egga og tek biffen til middag. Fortvilte naturvernorganisasjonar og nokre einsame sjeler i statsadministrasjonen gjer tapre forsøk på å stogge fangsten. Det er likevel ikkje lett i eit miljø der fokuset gjennom generasjonar har vore å livnære seg på det naturen gir, og der fattigdom ikkje etterlet tid til å reflektere omkring moralske dilemma med denne fangsten.

Puerto Cabezas har ikkje berre Nicaraguas lengste kai. Dei har også lande si lengste flystripe (etter Managua). Grunnen til dette var at Somoza støtta USA/CIA/eksilcubanarar sin invasjon på Cuba, og Nicaragua bygde difor opp denne lange stripa slik at amerikanske militærfly ikkje skulla ha problem med å lande og lette.

Det er fint å vandre omkring i Port på dagtid. Eg liker å sjå på dei fargerike husa (dei fleste bygd på stolpar), og høyre på at folk snakkar eit språk eg ikkje forstår. Å komme over på denne sida av Nicaragua er neste som å vere i eit anna land.

Samtidig er det litt trist å vandre rundt å sjå på alle dei skadane orkanar etterlet seg. No ber byen og landskapet omkring preg av at det berre er eit år sidan Felix jamna enkelte landsbyar med jorda, tok hustaka frå dei fleste og livet av over hundre menneske. Blikktak ligg framleis strødd på opne jorder, palmetrea manglar krone og svære tre er rotvelta. Det er noko vulgært over hovudlause organismar anten det er menneske eller planter. Dei kronelause palmane tek noko av vitaliteten i frå dette karibiske landskapet, og etterlett seg eit tomrom som dagleg minner folk på kva naturen kan gjere med livet her.


Ingen kommentarer: