torsdag 4. desember 2008

Livet i bakgården - to år etter DR-CAFTA


Masseprotest mot innføring av CAFTA-avtala. Bilete er henta frå http://www.justassociates.org/images/cafta.png
I 2006 underteikna Nicaragua ein regional frihandelsavtale, CAFTA (The Central American Free Trade Agreement), mellom USA og fem land i Mellom-Amerika. Eit år seinare kom Den Dominikanske republikk med i avtala som frå då av vart heitande DR-CAFTA. Det vart sagt at dette skulle vere fordelaktig for alle dei involverte landa, og at det gradvis ville føre til auka levestandard for alle, også dei aller fattigaste.

Kritikarar hevdar derimot at dette berre er ei vidareføringa av USA si nådelaus verksemd for å skape gunstige bilaterale handelsavtalar med landa i Mellom-Amerika, avtalar som berre tener USA sine økonomiske interesser. DR-CAFTA opnar for å fjerne alle handelsbarrierar på importerte jordbruksprodukt i dei fem sentralamerikanske landa, og medfører flyt av billege, importerte varer frå nord på den lokale marknaden. Dette hindrar lokale bønder i å drive konkurransedyktig handel, og levevilkåra deira har blitt ytterlegare forverra. I Nicaragua er bøndene no i ferd med å merke konsekvensane av dette skeive samarbeidet. Bønder i Matagalpa-regionen kan produsere 50kg ris for om lag $8,50, medan bønder i USA produsere same mengde for ca $9,50. Dette ser i utgangspunktet lovande ut for Nicaragua, men saka er at bøndene i nord tek i mot så mykje subsidiar at den reelle produksjonskostnaden vert ca $7,50. Det seier seg sjølv at den nicaraguanske heimemarknaden ikkje kan konkurrere mot slike prisar, og lokale bønder sit igjen utan høve til å påverke.

Entusiastiske DR-CAFTA-supporterar argumenterer tilbake med at dei i Mellom-Amerika kan svare på konkurransen gjennom å drive såkalla ikkje-tradisjonell jordbrukseksport. Eksempel på dette er tropiske blomar og frukt, nøtter, krydde og vintergrønsaker samt frossen og hermetisert frukt. Dette vil vere ein ny måte å intigrerer jordbrukssektoren i den globale økonomien, og kan ha positive konsekvensar for klassestruktur, kjønnsrelasjonar og miljøspørsmål, meinar fleire. Det entusiastane tydlegvis ikkje tenker på i denne samanheng er ein slik type produksjon krev systematisk og høgare nivå av finansiering, bøndene blir avhengige av andre industriprodukt: frø, kjemisk gjødsel, jordbruksreiskaper/maskiner, samt meir sofistikerte teknikkar og know-how i jordbruket som fører til at ein kan bli avhengig av markedsbasert assistanse. Bøndene blir ufrivillig dratt inn i eit nett av markedsrelasjonar og proletariseringsprosessar som blir vanskelegare og meir uoversiktlege enn tidlegare. Småbønder har ikkje råd til å eksportere eigne produkt, og blir difor tvungne til å selge sine produkt til mellommenn som bokstavleg talt skummer fløya av det sårbare jordbruksmarkede.
I følge http://www.coha.org/category/nicaragua/ begrenser dette gevinsten av jordbrukseksport til ei handfull heldige sjeler, som ikkje let det økonomiske uttbyttet komme alle medvirkande i hende.

DR-CAFTA har blitt kraftig kritisert over heile verda, både av det sivile samfunn i Mellom-Amerika og av støtte internasjonale solidaritetsorganisasjonar. Ein interessant merknad er at Barack Obama i si tid som senator røysta imot avtala. La oss håpe at han held sine lovnader frå valkampen om å revurdere dei kontroversielle handelsavtalane mellom Nord-og Sør-Amerika, og at ein i framtida kan inngå samarbeid som verkeleg fører til økonomisk og sosial progresjon for Nicaragua og nabolanda.

Ingen kommentarer: