tirsdag 12. februar 2008

Bosawas - Ei regnskogoppleving

Heilt sidan er gjorde feltarbeid blant espressodrikkande halvhomofile menn og babies i Santo Domingo, har vonde tunger ville ha det til at eg ikkje kan kalle meg ein skikkeleg antropolog. Dette er fordi eg aldri har padla i kano for å komme fram til informantane mine, eg har ikkje måtte lære meg eit urbefolkningsspråk for å kommunisere med folk, og eg har heller aldri ete grøn iguana til middag. Vel kjære vener, denne tid er no forbi og eg meiner bestemt at eg kan kalle meg for ein ekte og hardkokt antropolog. Følgjande er ei fortejing om mitt møte med Mayagna-folket i Nicaragua sin vekkgøymte regnskog i Bosawas:


Bosawas, samansatt av Bocay al Oeste, el cerro Salaya al Sur y el rio Waspuk al Este, som betyr Bocay i vest, fjellet Salaya i sør og elva Waspuk i aust, er Nicaraguas hjarte og produserer størsteparten av okygenene vi pustar i her. I Bosawas ligg Nicaraguas einaste regnskog, den største i Amerika nord for Amazonas. Hit vart eg lokka med av eit legeteam frå universitetet i Leon som skulle inn i regnskogen, til eit lite samfunn som kallar seg Musawas (was betyr elv og er endinga i dei aller fleste stadnamn her), for å kartlegge helsebehov blant barn.

Dag 1:
Vi tar fly i frå Managua til Bonanza. Å fly med Costeña Airlines er som å vere på tivoli, sette seg i eit leikefly, lukke augene og håpe på at det går bra. Flyet vårt tok ikkje meir enn ti personar og ein må bøye halve seg for ikkje å stange skolten i taket. Inga flyvertinne ba meg om å feste selen eller slå av mobilen, og ingen var heller spesielt opprørte over at halvparten av passasjerane hadde med seg machete inn i kabinen. I tillegg sit vi meir eller mindre i cockpit og kan ta på kapteinen om vi vil (noko som også gjorde til at eg vart vitne til at kapteinen sov halve turen og faktisk fekk litt lyst til å ta på han. Eller riste...)

Costeña Airlines
Då vi, etter ein nær døden oppleving landar i Bonanza, var eg usikker på om verda framleis var den same. Det var som å lande i eventyrland. Bonanza er utgangspunktet for innreise til regnskogen. Berre namnet osar av gull, framgang og gode dagar, og staden er ein gamal gruveby der dei framleis vaskar gull med håp om betre tider. Gruvene er sjølvsagt kjøpt opp av utanlandske investorar som etterlet lite snop til slitarane her, og sjebnens paradoks er vel nettopp at fattigdommen er ekstrem i utkanten av el dorado. Her ute skjøner ein betre kvifor FN sine fattigdomsstatestikkar sug for Nicaragua. Fattigdom til trass, Bonanza har har fargerike trehus, brusteinslagte gater, fleire hestar enn bilar og eit tilsynelatande hektisk og travelt menneskeliv. Eller som Lonely Planet så fint omtalar byen:"The whole scene so perfect and pretty in the rigth light, may offer an impression of some 'Ya Olde Mining Town' theme park confection". I Bonanza vart vi tekne i mot av El lider (chefe) Ekonay og tre andre Mayagna-menn som skulle føre oss på elvebåt inn i regnskogen neste morgon. Alle desse fire snakka spansk og vi fekk teikna eit bilete av livet i jungelen under ein middag seinare på kvelden.

Dag 2
Neste morgon la vi av stad tidleg. Båten viser seg å vere ein seks meter lang uthola trestamme. Sidan vi såg ut som ein gjeng med mucho dinero, fekk vi båt med motor, noko som til slutt kosta skjorta. Bensin er dyrt og turen var lang.

Mayagna-mann i ferd med å lempe alt vårt pikk og pakk ombord i fartøyet


Vi kom oss avgarde og la ut på reise til jungelområda, og til eit territorium som er egd av Mayagna-folket. Dette er ei urbefolkningsgruppe som lenge har levd langt unna det nicaraguanske samfunnet, og tradisjonelt hold seg unna syssler som inneber pengar og materielle gode av noko slag. Gode gamle Marcel Mauss ville ha vorte glad for å sjå at gaveøkonomien her eksisterer, og held ved like sosial kontroll i samfunnet; du får bananer av meg, eg slaktar grisen din for deg.

Det er aude og det går timar mellom kvar gong vi ser menneske; berre krokodiller, skjelpadder, fuglar og iguana viser seg med ein viss frekvens. Nokre gonger dukkar små samfunn opp, kanskje berre eit par familiar er bufaste. Dei har ein skokk med ungar og berre gudane veit kor dei går på skule til dømes.


Ingen regnskog utan regn og dei siste timane opna gudane vasslusene og gjorde oss våte til skinnet. I tillegg måtte vi gjentekne gonger ut av den uthola trestammen og inn i skogane for å gå. Dette fordi båten nødvendigvis ikkje kunne forsere fossefall og sterke straumar med oss oppi. Nokre gonger greidde desse mayagna-mennene å føre båten gjennom sinnsjuke vassmengder, andre gonger bar dei båten gjennom jungelen.


Ein av mennene, Koliman Rufus, gjekk alltid fremst gjennom jungelen og fór laus på planter og tre med ei sylskarp machete. Han mumla heile vegen på mayagna noko som for meg høyrdest ut som trylleformlar. Det einaste ordet eg forstod var culebra, som betyr slange på spansk. Eg vart etterkvart litt småstressa av denne mumlinga om slangar, og spurt kjekt om det var mange slike i jungelen. Si, svara Koliman, hay un monton! (Ja, ein heil bråte!)


Forvirra og bortkomen antropolog i regnskogen (med utprega angst for slangar)


Då vi endeleg kom fram til Musawas etter åtte timar må vi ha sett ut som drukna rotter, eller noko som likna. Eg hadde gjørme til tennene og numb bum. Den fine kvite blusen min var gusjebrun med ei lang flenge under armen og ei midt framme på magen. Folk lo og dei lo. Dei snakka rasande fort på ein språk eg ikkje forstod, peika på håret mitt og lo igjen. Ungane kom bakfrå, nappa meg i blusen og sprang hylande vekk igjen, gøymde seg bak hushjørna og venta på nye høver til å angripe. Lider Ekonay forklarer at folk blir litt øsne når det kjem gringos på vitjing. Deilig å vere på utstilling etter 8 timar i rengskogen.

Det finst ikkje lys i Musawas og kvinnene i kyrkja trylla fram middag til oss i mørkret, berre i frå lyset av gruva. Eg sat utsvelta i eit hjørne og såg på, og tenkte at det må vere tungt å jobbe eit heilt liv i bekmørkna etter at sola går ned. Ja, forresten, dette med kyrkja er eit anna nemneverdig fenomen. Det var verkeleg heilt utruleg å sjå korleis The moravian church (protestantisk kyrkje) har spreidd seg som ein parasitt i denne delen av Nicaragua. Oppover elva dukka det stadig opp slike kvite-og raudmalte kyrkjer i samfunn der det gjerne ikkje budde meir enn eit lite knippe menneske. No har misjonærane pakka kofferten og overlate drifta av menigheten til folket her, og kyrkja står igjen og representerer den einaste kontakta med utanforliggande makter. Du må kanskje vere misjonær (eller ein galen antropolog) for å kunne klamre seg fast til livet i slike utpostar og ekstreme verdnar som denne.

Musawas er lutfattig, i allefall reint sånn materielt sett. Folk bur i nedfallstruga trehus, stort sett berre med eit rom. Under huset bur familiens firbeinte vener, og folk vassar i gjørme og ku-,hest,-og grisebæsj stort sett over alt. Det er ikkje tilgang på straum eller gass og reint vatn finst berre i ein lokal brønn. Kvar familie har i gjennomsnitt sju ungar kvar og lever i stor grad av det dei dyrkar sjølv. I tillegg er dei røynde jegerar og dersom lykka er med dei kan både apekatt, iguana, skjelpadde, beltedyr og maurslukar vere ein del av kosthaldet. "Vi tar i mot det naturen gjev oss", fortel El lider. Eg fekk diverre ikkje servert noko av dette. Sikkert like greitt, men det hadde jo vore kjekt å skrive heim om. Vi fekk ris og bananer som smakte nada til middag, frukost og lunsj.



Dag 3
I Musawas står folk opp med sola og det gjorde vi også. Delegasjonen frå universitetet inviterte til folkemøte og alt som kunne krype og gå møtte opp. Føremålet var å snakke om høgare utdanning og høve for å gje universitetsstipend til mayagna-ungdom. Til trass for at vi enno er i Nicaragua snakkar få spansk. Dei bruker mayagna-språk på skulen og lar spansk vere eit andrespråk frå 4.klasse. Dette er i seg sjølv heilt greitt, men i ei større verd, for eksempel gjennom høgare utdanning, viser deg seg at dei har store språklege vanskar i møte med akademisk liv. Det som er fint er at svært mange jenter ser ut til å ynskje meir utdanning, og samfunnet her oppfordrar dei også til det, spesielt til medisin og sjukepleie. Målet er at dette på lang sikt skal gjere Musawas og liknande samfunn mindre avhengige av legehjelp utan i frå. I dag har landsbyen berre ein sjukepleiar og "helsesenteret" har ikkje noko anna utstyr enn ei seng og nokre rare instrument. Mange sjukdommar og skadar vert enno behandla av menn som praktiserer tradisjonell medisin, eller av ein religiøs healer.
Under møtet var det fleire kvinnene som røyste seg opp og la fram spørsmål og bekymringar for gjengen frå universitetet. Mange var frustrerte over at ungdommane deira ikkje vart tekne opp til universitetsutdanning fordi dei ikkje hadde dei same forutsetningane som ungdommar frå andre delar av landet. Andre var redde for at studentane som fekk plass, til dømes på UNAN i Leon, aldri ville vende tilbake til regnskogen, og slik berre er ressursar som forsvinn. Spesielt kvinnene i Musawas hadde tydelege og velformulerte innlegg på møtet. Eg oppfatta dei som meir uttalte enn sine søstre i vest og hadde gjennomtekte idear for utvikling i regionen. Det var likevel påfallande å sjå korleis el lider valte å legge seg ned for å sove kvar gong ei kvinne røyste seg. Kanskje machokulten er i ferd meg å nå regnskogen?


3 kommentarer:

Mr. Tyl sa...

Det ser ut som du er i ditt rette element der i regnskogen med kvit bluse og hoge helar :) Bosawas ma jo vere sann omtrent det samme for Nicaragua som det Vevring er for Naustdal.

Silje Førland Erdal sa...

Nei, Bosawas er det same for Nicaragua som Vevring er for Noreg!

Silje Førland Erdal sa...

Skal innrømme at eg ser ekstremt klønete ut, men dei høge hælane hadde eg sett igjen i Leon