onsdag 13. februar 2008

Pelo feo - stygt hår

Noko av det eg likar godt med Nicaragua, eller kanskje med Latin Amerika generelt, er at folk er grådig direkte. Dette gjeld spesielt når det kjem til fysiske karakteristikka. Mange av studentane mine er direkte indignerte over å bli kalla tjukk og lat, tynn og sjuklig, gjerne samstundes som venen vert kalla pen og smart. Kvifor ikkje kalle ein spade for ein spade, tenker eg.

For ikkje lenge sidan satt eg i standhuset til Rigo og leste. Sandra, ei pratesjuk dame på min alder som jobbar i huset, sette seg ned ved bordet og begynte å prate om livet og læra. Brått stoppa ho opp, ser på meg med litt trist blikk og seier: Ay, vos tenes el pelo feo como yo! (Ay, du har stygt hår akkurat som eg!)

Krølla hår og skjønnhetsideal er på ingen måte knytta saman i Nicaragua. Krølla hår vert snarare kopla til mørk hud, fattigdom og i verste fall svart magi. Dei som har råd går gjerne til ein hårsalong og får sletta håret, eller vasskjember håret og fester det stramt med strikk. Om meg tenker sikkert folk: "Uflaks, den kvite huda, men like vel krølla hår. Stakkars..."

2 kommentarer:

Mr. Tyl sa...

A, det er difor folk ser sa medlidande ut nar eg moter dei pa gata... Negerhar, men likevel gringofjes. For ein kombinasjon.

Silje Førland Erdal sa...

Dei har sikkert ein salon de belleza (skjønnhetssalong) i Quetzaltenango som villig strekker ut krøllene dine...