søndag 3. februar 2008

Marcha contra el machismo




Machismo er diskursen omkring det å vere macho. Macho betyr mandig og ber i seg ei naturleggjering av mannen som noko overlegent det kvinnelege. Vanlege stereotypiar av el macho, er menn som drikk mykje, har mange utanomekteskapelege merittar, og som prøver å kontrollere kvinner og barn. I tillegg er det slik at dei som har flest damer, flest barn med flest kvinner, dei som bruker det mest vulgære språket, og dei som kan drikke mest alkohol, vert titulert ”veldig macho, eller ”mykje mann”. Den typiske machomannen er også ein som likar å bruke mykje tid ute saman med vener, som heng på gatekafeane, drikk rom og spelar domino. Ein ekte macho er heller ikkje redd for å risikere livet i farlige situasjonar, og skjuler frykt for alt det er verdt. Dess fleire av machoen sine karaktertrekk en mann oppfyller, jo større er graden av maskulinitet, og status som mann. Menn vert derfor klassifiserte utifrå grad av maskulinitet, altså kor mykje mann du er, til forskjell frå kvinner som vert klassifiserte på bakgrunn av deira seksualmoralske karakter. Ein mann kan skildrast som ”mykje mann” (bien macho), eller motsett ”lite mann” (poco hombre/pariguayo), og vert vurdert som mann i større eller mindre grad langs eit kontinuum av relevante maskuline verdiar. Ei kvinne vert derimot vurdert på bakgrunn av dikotomien ”hore-madonna”, ein tankegang om at kvinna er anten god eller dårleg, og slik ikkje meir eller mindre kvinne. Kvinneidealet vert dessutan knyta opp mot Bibelens Jomfru Maria som var audmjuk, oppofrande og dydig.

Slik forstår vi behove for å protestere, og i går demonstrerte folk her i Leon nettopp mot
el machismo. I spissen for marsjen stod ei to meter høg kvinne frå Nederland. Dette gjorde oss ein smule bekymra for kvar det eigentlege initiativet kom i frå, og vi var urolege for at demonstrasjonen berre ville bestå av blåøygde damer, drittleie av å bli tatt på av menn som syklar forbi på gata ein mandags morgon, eller frustrerte over å bli kalla mamita, chelita, mamcita linda, moñequita o.l.

Det var ikkje meir enn ca 50 demonstrantar, og til vår lukke var overvekta av dei oppmøtte lokale kvinner og menn i ulike aldrar. I tillegg møtte nokre slitne ryggsekkturistar, feministar, lyslugga
volunteers og oss. Lise, Borgny og eg stod riktig nok på sidelinja og såg på. Vi lurte på kven bodskapen gjekk ut til, og kven som eigentleg går rundt å føler seg veldig macho. Eg har ein mistanke om at dette er noko alle menn tenkjer at andre er, og ikkje ein sjølv, og at spydspissen difor treff temmeleg få. Men det er klart, behovet for å skrike ut parolar om kvinner sine rettar er fult mogleg å forstå.

Det første som skjer når vi forlet skue er at ein mann kjem mot oss, på sykkel, sender slengkyss og kviskrar:
beautiful



Ingen kommentarer: