søndag 28. september 2008

Politisk polarisering, vald og vaklande demokrati

Politisk vald i Leon

Bilete til høgre viser FSLN sin borgermeisterkandidat i Leon Manuel Calderon i kamp mot opposisjonen 20 sept. 2008

Nicaragua opplever i desse dagar auka politisk polarisering og som ein konsekvens av det, auka vald. Dette merka vi mellom anna i Leon 20.september då ein opposisjonsmarsj vart kansellert etter angrep frå sandinistane. Personar frå MRS, ALN og andre i opposisjon til den sittande sandinistregjeringa, vart forhindra i å gjennomføre ein fredeleg marsj. Sandinistaktivistar blokkerte hovudvegane inn til Leon slik at bussar med demonstrantar vart hindra i komme fram til sentrum. Sandinistar gjekk i tillegg til angrep på demonstrantane. I konfrontasjonen vart fire personar hardt såra, og mange fleire mindre skada.

Representant i nasjonalforsamlinga Luis Callejas (for partiet ALN) fortalte til avisa La Prensa at medlemmar av sandinistgruppa øydela vindskjermane på bilen hans, stoppa bussar med barrikadar av brennande bildekk, og trua folk med macheter. På universitetsområdet til det katolske og autonome universitetet i Leon sette sandinistar fyr på bilen til leiaren for MRS, Enrique Saenz og kasta olje på ALN og MRS politikarar. Saenz skulda FSLN sin borgarmeisterkandidat i Leon, Manuel Calderon for å ha sett fyr på bilen akkompagnert av eit nettverk av steinkastande mobb.

Tidlegare FSLN-soldat Benito Quiroz, som kjempa for sandinistane i kampen mot Somoza-diktaturet, uttalte til La Primerisima Radio at Sandinistane ikkje kan tillate grupper som vil «selge landet» å demonstrere i Leon sine gater. Quiroz sa vidare at «vi angriper med rett; det er vår plikt, dei kan ikkje ta i få oss revolusjonen så lett. Leon er FSLN-terrirotium og det må vi forsvare»

Politifolk beskytta dei politiske leiarane fram til dei forlot Leon nokre timar etter den planlagte marsjen. Horacio Roca, underdirektør i politiet sa at dei skulle evaluere situasjonen i Leon. Edmundo Jarquin, tidlegare MRS presidentkanditat uttalte i avisa El nuevo diario at politistyrkane i Nicaragua har eit stort dilemma; dei prøver å beskytte rettane til politiske opposisjonsgrupper, men var samstundes motvillige til å hindre dei aggresive sandinistaktivistane på grunn av det tette samarbeidet mellom sandinistregjeringa og politiet.

Opposisjonsmarsjen var organisert av Den demokratiske koalisjon som inkluderer Movement for Nicaragua (grunnlagt av US International Republican Institute of the National Endowment for Democracy), United Citizenry for Democracy, the Civil Coordinator, the United Movement for Leon, the Pro- Vote Movement, og andre opposisjonsgrupper med ukjent opphav.

Nicaraguas senter for menneskerettar(CENIDH), fordømte dei valdelege handlingane i ei offentleg uttale: "It was publically demonstrated by their own declarations that the aggressors in the
occurrences in Leon were sympathizers of the FSLN and members of the Councils of Citizen Power (CPC), groups created by President Ortega and First Lady Rosario Murillo." CENIDH ba også om at president Ortega stiller krav om at hans tilhengarar garanterer for fri tilgang til politiske rettar for sine politiske motstandarar, og at presidenten må sende ut tydelege signal til nasjonalt politi om å forhindre vald i samband med politiske demonstrasjonar.

Vidare sender CENIDH og Nicaragua Network no meldingar til USA om å stoppe finansiering av opposisjonsparti i Nicaragua, noko som berre stimulerer vidare politisk polarisering og korrupsjon i det politiske landsskapet i Nicaragua.

Angrepa på demonstrantane i Leon viser at makta til det sivile samfunnet enno er skjør og at retten til å uttale sine politiske meiningar er trua i Nicaragua.

Abort og kvinnerettar. Like forstyrrande for demokratibygging i Nicaragua er Ortega-regjeringa sine forsøk på å stoppe kampanjar for å gjere om lova som forhindrer muligheten til såkalla terapautisk abort (rett til abort dersom mors liv står i fare, eller ved andre spesielt delikate graviditetar).

Foreninga for seksuelt misbrukte ba for litt sidan regjeringa om å stoppe sine stadige angrep mot NGO'ar i Nicaragua som jobber for å forsvare kvinners rettar. Uttalelsen understreka at regjeringa har gått offentleg ut og gjort NGO'ar til kriminelle, siste ved at regjeringsminister Ana Isabel Morales gjekk ut direkte på nasjonalt TV (kanal 4) og anklaga MAM ( Autonomous Women's Movemen ) for å ha fornærma nasjonal lov fordi dei har dreve med proabort kampanjar, og for å ha motteke pengar frå ukjente kjelder. Morales sa mellom anna "These campaigns try to decriminalize abortion. It's big business. This is an illegal campaign because it is promoting something that the Penal Code says is a crime and they are engaging in conspiracy to commit a crime; these are crimes against life, against the children who would be born." (BBC world)

På kanal 4 figurerte også presten Bismark Carballo som saman med Morales fordømte alle NGO'ar i Nicaragua som gjennom utanlandsk pengestøtte kjempa for terapautisk abort. Carballo uttalte mellom anna dette: "The church has analyzed these NGOs and we have rejected them and thus have been the target of their campaign. Evidently this thing moves gradually; they hide behind therapeutic abortion but they have other objectives. It's not rare that later they promote homosexual unions." (BBC World)

Slike utspel frå dei to største maktinstitusjonane i Nicaragua; regjeringa og kyrkja, sender ut signal om at aktivitetar i det sivile samfunnet ikkje står fritt, og at aktørar i ulike NGO'ar og organisasjonar i stor grad er knebla så lenge dei ikkje føyer seg etter offentleg politisk og religiøs diskurs.

Dette viser også Ortega-regjeringa sin allianse med den konservative fløyen i den katolske kyrkja. Eit tohoda monster som saman ser ut til å true rettane til kvinner, homofile, etniske minoritetar og andre marginaliserte grupper i samfunnet.

Carola syng i støtte til kvinners rettar og kvinners helse under ein demonstrasjon i Managua mai 2007

Puerto Cabezas (Bilwi)


Til trass for at hovudstanden i den enorme RAAN (North Atlantic Autonomous Region)-regionen på eit tidspunkt vart gjendøypt Bilwi, refererer dei fleste lokale til byen som Puerto Cabezas eller Puerto. Eller berre Port.

Denne isolerte, tropiske høgborga i Nicaragua sin nordaustlege ekstrem, vart opphavleg etablert av ein gjeng britiske piratar som la grunnlaget for sterk engelsk påverknad på språk og kultur i denne regionen. Sjølv etter at britane takka for seg i 1823 holdt engelskspråklege bedrifter som United Fruit Company eit jerngrep om RAAN og gjorde federal innflytelse minimal. Framleis held folk her på det engelske språket i tillegg til minoritetsspråk som miskito, mayagna, kreol, miskito og spansk og gjer meir business med USA gjennom eksport av reker, hummar og furutømmer enn med andre regionar i Nicaragua. Til trass for at området sidan 1980-talet har fått meir merksemd frå sentrale myndigheiter i Managua, kjenner mange lite identitetsfellesskap med sine landsmenn i vest.

Framleis er her rikeleg med «piratar» som skaffar til livet brød gjennom narkotikatrafikk. Puerto er eit blitt eit viktig knutepunkt for kokainsmugling mellom Columbia og USA. Små pakkar med "white ladies" flyt opp på strendene, kasta over bord av ein nervøs kaptein. Slik er narkotikaindustrien her ikkje berre organisert, men også tilgjengeleg for den vanlege mann og kvinne som vandrer langs strendene og slumper til å finne det kvite gullet. Denne aktivitet gjer til at kriminalitet stadig vekk aukar og at ein blir fortalt at ein ikkje kan stole på nokon. Eg vart oppfordra til å holde nasa rein for kvitt støv, låse meg inn før kl 19, og ikkje opphalde meg på stranda aleine. Ein noko avgrensa rørslefridom med andre ord.

Men eg hadde det fint i Port, og ein av dei morosame tinga å gjere er å vandre langs den endelaust lange kaia (1 km). Denne vart bygd av engelskmenn tidleg på 1800-talet for å ta unna for eksport av kaffi og bananer. Den same kaia vart brukt i 1961 for å lette den mislukka US-leia invasjonen i Grisebukta på Cuba. Hit vart også utanlandske våpen levert, paradoksalt nok både til Sandino og Somoza.


I dag er det fiskarar som styrer showet her, og det er eit interessant skue når fiskarane legg til kai med dagen fangst. Fangsten inkluderer diverre alt for ofte utryddingstruga havskilpaddar som blir liggande forsvarlause på brygga, på ryggen, til nokon snittar dei opp, henter ut egga og tek biffen til middag. Fortvilte naturvernorganisasjonar og nokre einsame sjeler i statsadministrasjonen gjer tapre forsøk på å stogge fangsten. Det er likevel ikkje lett i eit miljø der fokuset gjennom generasjonar har vore å livnære seg på det naturen gir, og der fattigdom ikkje etterlet tid til å reflektere omkring moralske dilemma med denne fangsten.

Puerto Cabezas har ikkje berre Nicaraguas lengste kai. Dei har også lande si lengste flystripe (etter Managua). Grunnen til dette var at Somoza støtta USA/CIA/eksilcubanarar sin invasjon på Cuba, og Nicaragua bygde difor opp denne lange stripa slik at amerikanske militærfly ikkje skulla ha problem med å lande og lette.

Det er fint å vandre omkring i Port på dagtid. Eg liker å sjå på dei fargerike husa (dei fleste bygd på stolpar), og høyre på at folk snakkar eit språk eg ikkje forstår. Å komme over på denne sida av Nicaragua er neste som å vere i eit anna land.

Samtidig er det litt trist å vandre rundt å sjå på alle dei skadane orkanar etterlet seg. No ber byen og landskapet omkring preg av at det berre er eit år sidan Felix jamna enkelte landsbyar med jorda, tok hustaka frå dei fleste og livet av over hundre menneske. Blikktak ligg framleis strødd på opne jorder, palmetrea manglar krone og svære tre er rotvelta. Det er noko vulgært over hovudlause organismar anten det er menneske eller planter. Dei kronelause palmane tek noko av vitaliteten i frå dette karibiske landskapet, og etterlett seg eit tomrom som dagleg minner folk på kva naturen kan gjere med livet her.


torsdag 25. september 2008

"Det er lettare å snakke med gud enn med regionale autoritetar"

Dette uttalte Kel Coleman til avisa El nuevo Diario i dag. Han representerer Mayagna-folket og ynskjer snakke med president Daniel Ortega direkte. Han er oppgitt over regionale myndigheter som ikkje tek grep for å gje dei landrettane dei har krav på i regnskogen i Bosawas. Mangelen på tydelege oppmerka område for eigedom fører til blodige konfrontasjonar, nokre med fatale utfall, mellom nybyggarar og urbefolkning som hevder rett på landet. Myndighetene i området har erklært seg inkompetente til å løyse konflikten. Lenge før lova om autonomi for regionen har jorda tilhørt mayagna-folket gjennom generasjonar. No ser det ut som dei tusener av nybyggarar som har slått seg ned i Bosawas er eigarane av jorda, medan Mayagna-gjengen er nybyggjarar.

Det er no ni comunidades indigenas som krev merking av land i Bosawas og generelt i RAAN (Region Autonoma del Atlantico Norte). Til trass for at det har vore myndigheter i området for å starte merkinga fleire gonger dei siste åra har ikkje noko skjedd enno.

Representantar for Mayagnafolket seier til avisa El nuevo Diario at dei har brukt alle moglege kanalar for å nå fram med sine krav, og for å vekke til handling. Men til og med Gud verkar meir tilgjengeleg enn regionale myndigheter her, som blir slukt av eit komplisert og tregt byråkrati som berre ber deg om å komme attende neste dag.

I morgon reiser eg til RAAN, nærmare bestemt til Bilwi (Puerto Cabezas) i Nicaraguas eksteme, tropiske, nordaustleg utpost.

Mayagnalandsby i Bosawas

mandag 15. september 2008

Ernesto Cardenal til Oslo



Ernesto Cardenal (f. 1925) er ein av Latin-Amerika sine store frigjeringsdiktarar. Som ung mann i Nicaragua kjempa han mot det strenge Somoza-diktaturet og kom i fengsel for dette. Etter ein periode i eksil i USA, kom Cardenal tilbake til heimlandet og sat som kulturminister i Sandinistregjeringa fram til 1987. På midten av 90-talet braut han med Sandinistane i protest mot det han meinte var i ferd med å bli eit autoritært regime.

Nyleg var Ernesto Cardenal på besøk i Paraguay i samband med innsettinga av den nye presidenten Fernando Lugo, tidlegare biskop i den katolske kyrkja. Under besøket i Paraguay uttalte Cardenal seg krast mot Daniel Ortega sitt korrupte og familiebaserte regime. Dette medførte at Daniel-lojalistane i Nicaragua sette i gang ei kampanje for å kneble Cardenal; ei av dei viktigaste opposisjonsrøystene i landet, mellom anna vart han trua med fengsling for landsforederi.

Daniel Ortega skulle med rett også vere til stades under presidentinnsetjinga, men avlyste besøket etter at ein sentral minister i Paraguay uttalte at ein ikkje burde invitere violadores – overgriparar.

Cardenal blanda tidleg sitt politiske engasjementet med jobben som prest, og vart sett på som ein revolusjonær innanfor kyrkja pga sine frigjeringsteologiske metodar. I nokre av dikta sine kritiserte han den imperialistiske påverknaden USA har hatt og framleis har i Mellom-Amerika, og han har tala høgt om naud og håp for dei undertrykte i Latin-Amerika. Korleis ser han på kontinentet i dag?

Dette og andre spørsmål vil komme opp når Cardenal 24.september møter Kjartan Fløgstad og journalist Sigrun Slapgard til samtaler på Litteraturhuset i Oslo.



tirsdag 2. september 2008

Kvinnelege guerillera og oppofrande mor


Ei ung mor og guerillera med rifla over skuldra ammar sitt barn ein gong på slutten av 1970-talet

I 1961 danna ein gjeng radikale universitetsstudentar FSLN (Frente Sandinisra de Liberacion Naciolnal), ei folkeleg motstandsrørsle som hadde eit felles mål om å styrte diktatoren Anastacio Somoza som hadde heldt jarngrep om Nicaragua i omkring tredve år. Dette var ein motstand som gjekk på tvers av sosial, etniske og økonomiske forskjellar i samfunnet. Bønder, arbeidarar, middelklassen, universitetsstudentar og born frå tradisjonelle elitefamiliar stod saman under felles fane.

I tillegg utvikla FSLN tidleg ein feministisk profil og oppfordra kvinner til å tre ut av etablerte roller knytta til heim og born, og inn i militære posisjonar. Fleire kvinner leia studentopprør og var også leiarar for eigne divisjonar innan sandinistrørsla. Blant dei mest kjende er Dora Maria Tallez, ein ung legestudent som i 1978 mellom anna var nestkommanderande under storminga av nasjonalpalasset i Managua; noko som førte til at fleire politiske fangar, blant dei Daniel Ortega, vart lauslatne. I dag er Dora Maria Tallez ein profilert politikar i Nicaragua men som ikkje lenger spelar på dei gamle sandinistane sitt lag. I juni 2008 gjennomførte ho ein sveltestreik i protest mot det ho meiner er eit diktatur leia av Daniel Ortega, henna tidlegare brother in arms.

Men bak ideen om kvinnefrigjering og likestilling låg framleis førestillinga om kvinna som mor, og henna rolle som rein og uskuldig. Det å bruke ei ung mor som propagandasymbol for revolusjonen var også eit strategisk verktøy for sandinistane på 70-talet. FSLN såg at mødrene spela ei viktig rolle i opprettinga av eitt nytt og meir rettferdig nicaraguansk samfunn. I tillegg til å vere guerilleras, vart dei også framstilt som oppofrande mødrer til krigens martyrar, og ikkje minst som framtidige mødrer til borgarane av det nye samfunnet. Nokre FSLN-medlemmer uttalte også at det var kvinna si plikt å produsere for den sandinistiske revolusjonen og lage barn som kunne byggje opp eit nytt og diktaturfritt samfunn.

Det er ikkje tilfeldig at det er ”mødrer” og ikkje” kvinner” som er spesielle i denne samanheng. Kvinner som ikkje er mødrer er farlege individ som menn ikkje veit heilt korleis dei skal handtere. Ei kvinne som er mor er derimot kategorisert som heilag, rein og audmjuk. Til og med soldatar ville kvie seg for å skade mødrer som demonstrere mot eit maktapparat og sørgjer over sine avdøde eller forsvunne søner. På eit tidspunkt oppretta sandinistane noko dei kalla for ”Komiteen av helte-og martyrmødre” – Den største kvinneorganisasjonen i Nicaragua. Denne ligg under FSLN sin masseorganisasjon for kvinner; AMNLAE (Asociación de Mujeres Nicaragüenes Luisa Amanda Espinoza), og er difor kanskje ikkje eit direkte initiativ i frå kvinner sjølv, men ein politisk reiskap for FSLN blant anna som ein stad der sorg over tapte liv blir kanalisert. Slik var den sandinistiske kvinnekampen mangedelt; for fleire var den ein direkte kamp mot diktatur, for nokre var det ei flukt frå tradisjonelle kvinneroller og marginalisering, og for andre igjen ein påtvungen kamp for å fremme politiske krav. Kvinnene samla seg under ei kjennsle av felles liding under diktatoren Somoza, men også i eit protest mot sine hushald prega av machismo. Sjølv om revolusjonen ikkje lyfta kvinner ut av det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret som Nicaragua enno erfarer, førte det utan tvil til at førestilling om kjønn vart sett under debatt og inn i eit nytt lys. I dag eksisterer revolusjonsrusen berre som statiske representasjonar på nedslitne murar og husveggar. Den gamle revolusjonshelten Daniel Ortega som ein gong sette kvinnerettar så høgt, er på ny president i landet men ser ut til å ha gløymt sin iver, og mange kvinner kjenner seg svikne. Dei ser ikkje lenger sporet av den sjølverklærte feministen Ortega, ein mann som i dag foretrekker å leiker med kyrkja sine vise menn framfor rebellar og oposisjonelle.

fredag 22. august 2008

Adam og Eva - nicaraguansk humor

Fire menn av ulike nasjonalitetar stod saman i eit galleri og skua på eit klassisk maleri av Adam og Eva. Mennene, ein nordamerikanar, ein franskmann, ein engelskmann og ein nicaraguanar, tok til å analysere dette store kunstverket og saman stilte dei ein del eksistensielle spørsmål: Kvar nøyaktig er Edens hage? Eller meir personleg, kva for nasjonalitet hadde Adam og Eva?

Nordamerikanaren sa:
Ho er høg og slank og han har ein atletisk kropp med definerte musklar. Dei må vere gringo.

Franskmannen reagerer umiddlebart:
Det trur eg ikkje. Erotikken som kjem fram i det kroppslege uttrykket til desse menneska viser at freistinga snart vil vere eit faktum. Ho er så feminin, og han så maskulin. Dei må vere franske.

Engelskmannen rista på hovudet og var tydeleg usamd:
Eg ber om at de tenkjer annleis. Legg merk til dei rolege andleta, den gjennomtenkte posituren og den edruelege gestikuleringa. Dei kan kun vere engelske.

Etter ei kort betenkningstid erklærer nicaraguanaren:
Sjå nærare på dei, Adam og Eva har ikkje på seg klede, dei har ikkje sko og ikkje ein gong eit hus. Dei har absolutt ingenting og idiotane trur likevel at dei er i paradis. Dei er utan tvil nicaraguanarar!

Merknad:
Nicaraguansk humor er vanlegvis sjølvironisk og stundom sjølvnedsettande. Vitsen over viser ein nicaraguanar sitt kritiske blikk på seg sjølv og verda. Medan dei andre tre ser det vakre i menneskeheten og trekk fram dei ypparste kvalitetane ved sine landsmenn gjennom Adam og Eva, ser nicaraguanaren heller muligheten til å elske livet til trass for dei mørke sidene ved det.
Det er dette kritiske blikket som kanskje gjer Nicaragua til eit av dei minst nasjonalistiske landa i verda då denne evna også gjeld i livet generelt, ikkje minst i krasse kritikkar av politisk liv gjennom satire og ironi.

mandag 4. august 2008

Opp alle fattige i verda!


Dette er eit av slagorda som pynter vegstrekker mellom ulike byar i Nicaragua. Godorda vert akkopagnert av Daniel Ortege sitt smilande ansikt og ei slagkraftige hand. Når vi susar frå Leon til Managua vert vi møtt med desse plakatane som borer seg inn i minna våre og får oss til å tenke at Daniel må vere ein kjekke kar. Men når vi er framme i Managua og har talt til 35 plakatar med same ansikt og same bodskap, forstår vi at populismens lunefulle ansikt har blunka til oss gjentekne gonger på vegen.

I tillegg går det rykte om at det er Rosario Murillo (presidentens fru) som står bak produksjonen av plakatane, og at midlane til trykking er henta frå den slunkne statskassa. Ein ting er at ein køyrer opp valpropaganda i framkant av eit val, og undervegs i ein valkampanje , men gjennom heile presidentperioden? Noko er rivruskande gale, og det er lett å tenke at pengane som vert brukt på desse rosaraude plakatane gjerne burde vore kanalisert på heilt anna vis - som for eksempel nettopp løfte all fattige opp og ut av fattigdom.

For dei som les spansk tek denne artikkelen frå El Nuevo Diario opp noko av det same tema :
http://www.elnuevodiario.com.ni/opinion/20342

søndag 25. mai 2008

Mors rett til liv

Dagsrevyreporter Ragnhild Eikenes kom til Leon for å gjere sak på lova som forbyr kvinner retten til terapautisk abort. Ein rystande, men viktig kommentar:
http://www1.nrk.no/nett-tv/nyheter/spill/verdi/57848

torsdag 1. mai 2008

Nicaragua en mi corazon

Her er det berre å synge med:

Dale una luz

En un lugar llora el cielo de ternura
En un lugar todo el verde esta de fiesta
en altamar no muy lejos de Corn Island y el Bluff
Un hombre niño pesca un saco en el mar

En un lugar quema el cielo las estrellas
en un lugar que me vio jugar de niño
tuve amistad un amigo que no jugará más pero,
la calle, hoy se llama como él.

En un lugar llueve tanto que se apaga el sol
y el lodazal besa siempre tus rodillas
un viejo esta aprendiendo sus primeras letras
no tiene anteojos pero sabrá leer.

En un lugar donde el agua es a volcanes
y el tiburón hizo nido en agua dulce
el huracán pone un bosque en reverencia mortal
tiembla la tierra, tiembla el mar de este lugar.

Dale una luz a la gente que ha buscado
su libertad contra el cielo y contra humanos
dale una luz a este pueblo que ama tanto vivir en Nicaragua...

mandag 14. april 2008

Isla de Ometepe og Vulcan Concepcion

Den vulkanske øya Ometepe i Nicaraguasjøen er landet sin stolte kandidat til verda sine sju nye naturlege underverk (Stem her: http://www.new7wonders.com/nature/en/nominees/northamerica/c/OmetepeIsland/), og er verda si største øy i ferskvatn. Øya er forma av to vulkanar; ein høg og ein litt lågare, og med ei smal og flat landtunge som knyt dei to majestetane saman.
Nicaraguasjøen er enorm og frå stranda Santo Domingo på austsida av øya, i botn av dei to vulkanane, lurer storleiken deg til å tenke at du er ved eit stort hav. Synet av dei to vulkanane frå sjøen er imponerande og ei oppleving i seg sjølv, men for verkeleg å få Ometepe under huda må ein dra seg sjølv opp på ein av dei to toppane, eller begge. Maderas, den minste, er dampande varm og irrgrøn, Concepcion, den høgste er stupbratt og nesten litt truande. Vårt val fall på Concepcion; marsipansjokoladen i konfektøskja Nicaragua:

“Fucking hard, but outstandingly beautiful”, var den lokale guiden si skildring av El Concepcion då eg spurte han ut om vulkanen kvelden før. Concepcion er Nicaragua sin nest høgste vulkan, og er nesten like vakker som Momotombo. Vi starta turen kl fem om morgonen i herleg overskya ver. I tillegg låg skyene langt nedover fjellsida slik at då vi kom litt opp i høgda og det begynte å bli tung og varmt, fekk vi gleda av den kalde og fuktige lufta som skyene laga. Håpet var at skyene ville forsvinne etterkvart som vi nærma oss toppen, slik at vi kunne nyte utsikta over krateret, øya og innsjøen. Etter tre timar nærma vi oss toppen, men det var enno ikkje teikn til at skyene ville forsvinne og vi såg ikkje så mykje meir enn dei enorme begoniaplantene som omringa stien vi gjekk på. Guiden meinte at det luraste vi kunne gjere var å sette oss ned i buskene, verne oss mot vind og kulde der, og vente på at det letta. På toppen ville det vere for kaldt å sitte. Vi gjorde som hans sa og vart liggande i ei seng av begonia i over ein time. Då det framleis ikkje hadde letta og kulda hadde teke bustad i meg fullstendig, bestemte vi oss for å gå mot toppen. Krateret var ikkje meir enn 20 minutt unna, og viste seg å vere eit eventyrlandskap. Overveldande og skremmande på same tid; krateret av Concepcion var som ei heksegryte som bobla og buldra, fylt av svovel som såg ut som snø. og andre stoff som gav fargar av grønt, gult, svart, raudt…Rundt oss var det framleis ein vegg av kvite skyer, og då dette biletet vart teke visste eg enno ikkje at den etterlengta utsikta var i ferd med å komme til syne:

Då Maderas, den andre vulkanen på øya, kom til syne i det fjerne, forstod vi verkeleg kvifor Ometepe er ein verdig kandidat dei sju nye naturlege underverka i verda


tirsdag 8. april 2008

Nicaragua, jomfrua, abort og kontroll over kvinnekroppen


Foto: Lene Rødsand
I over hundre år hadde kvinner i Nicaragua rett på såkalla terapeutisk abort; det vil sei rett til å fjerne fosteret dersom kvinna vart utsatt for valdtekt, dersom ho var svært ung eller om det skulle vere fare for mors liv. I 2006 vart denne abortlova kasta i bosset og brent opp av ein gjeng politikarar som valte å konsulterer konservative biskopar i den katolske kyrkja heller enn folk med medisinsk ekspertise. Lova vart vedteken i regjeringa som sat før Daniel Ortega, men Daniel sjølv synst lova var fin og ratifiserte den då han kom til makta. No er abort ulovleg i Nicaragua. Punktum.

Dette har skapt frustrasjonar i store delar av det nicaraguanske folket, men blod og tårer har så langt ikkje fått politikarar til å skifte meining. Samstundes er folket splitta i den forstand at mange meiner at den nye lova er god, og at berre Gud har rett til å avgjere om eit liv skal leve i mors liv eller ei, eller for den saks skuld om ei mor skal overleve eit svangerskap.

Eg greier ikkje å la vere å tenke på at dette har noko med jomfrua å gjere, mora til Jesus.
Nicaragua sin forkjærleik for Jomfru Maria - la purisima, den ubesudla og reine, går langt tilbake i tid og er framleis sterk blant mange, spesielt kvinner. Kanskje er jomfrua viktigare her enn i noko anna land, og dyrkinga av ho er djup, spirituell og emosjonell. Ein av grunnane til dette kan også vere det mysteriet og dei legendene som omringar førestillingane om Jomfru Maria her i Nicaragua.

Mange tenkjer seg at Maria står som det absolutte symbol og ideal på det å vere mor, og også som symbol på heile og reine kvinner. I yttarste forstand er dette knytt til kvinner sin seksualmoralske karakter, og idealet om å vere jomfru inntil ekteskapet vert inngått. Feiring av kvinnekroppen sitt heile og det at den er ikkje-penetrert før ekteskapet, kjem til uttrykk nettopp gjennom dyrking av ulike mariahelgenar. Familiar reagerer ulikt på graviditet utanfor ekteskap, men i nokre ekstreme tilfeller der barnefaren ikkje ynskjer å gifte seg med jenta, reagerer henna familie med å sende henne vekk under graviditeten for så å invitere henne heim igjen når barnet er født. Fødselen blir sett på som ein reinsingsprosess og morskap blir jenta si velsigning og forlating. Mens ein før var hore og hadde ein "broten" kropp, er ein no blitt mor, klok og absolutt rein. Slik er krafta i morsrolla for enkelte svært viktig og representerer trøst, tilflukt og omsorg. Det reine er ei ære og ein moralsk kapital som kvinnene oppnår gjennom det å bli mor.

Mange moderne nicaraguanske kvinne ville sjølvsagt le seg i hjel av denne gammalmodige måten å forstå kvinner på, men innanfor kyrkja som framleis har mykje makt, og i miljø der fatalisme (trua på at Gud styrer lagnaden) står sterk, er dette ikkje så langt i frå realiteten.

Det er kanskje søkt å knyte den nye abortlova opp til førestillingar om Jomfru Maria, men i jakta på andre gode forklaringar på at loven i det heile teke fekk gjennomslag, ser det ut som vi må vegen om religion for å forstå. I tillegg kan ein jo også tenkje seg at det var reint valflesk for Daniel og co, men så er jo heller ikkje vegen mellom kyrkje og stat så lang lenger heller. Daniel har bytta ut den «lille raude» med den «det nye og det gamle», og kyssar rumpa til alt som kan krype og gå av prestar.


Kardenal Obando y Bravo er ven med Daniel "besaculo"Ortega

Les meir om abortlova i Nicaragua her:

http://www.nytid.no/index.php?sk=&id=4469



mandag 7. april 2008

Cosigüina

Dersom du køyrer langs den nordvestlege kystlinja av Nicaragua er naturreservatet Cosiguina den perfekte enden av vegen. Eg fekk aldri auge på vulkanen som vi skulle gå på dagen etter, før guiden min peika den ut for meg. For meg såg den berre ut som ein lang åsformasjon, men Rigo forklarte at det var det som var igjen av Mellom-Amerika sin ein gong høgste vulkan. Cosigüina eksploderte i 1835 og sendte oske heile vegen til Mexico i nord og Colombia i sør. Det er det året som guiden si bestemor alltid kalla ”the year of the smoke”

Vi hadde ein romantisk ide om å overnatte på Hotell Hacienda Cosigüina, ein gamal storgard i spanskkolonial stil. Til vår overrasking og skuffing var garden stengt, og det einaste teiknet til liv var ein lite boa som låg oppkveila på den forlatne terrassen.

Dette førte til at vi enda opp med å overnatte i Potosi som, til tross for ei natt med lite søvn, gav oss gleda av å møte vår lokale guide Tomas, og andre menneske i denne avkroken av verda; den mest nordvestliggande staden i Nicaragua

Eg vakna kl tre neste morgon av eit orkester av kåte grisar og døgnville hanar. I vissa om at eg skulle starte vulkanturen tre timar seinare, prøvde eg desperat å få sove igjen. I svevande augeblink mellom sovande og vaken tilstand, drøymde eg at guiden min neste dag ikkje ville klatre opp vulkanen, men heller køyre meg i bil til motsatt side av fjellet der eg frå ein høgtliggande bilveg kunne sjå krateret av Cosigüina.

Då klokka ringte nokre timar seinare var guiden heldigvis klar til kamp og vi starta turen etter ein feit frukost på den nyopna comedoren: Las brisas del gulfo

Etter å ha køyrt i ein halv time gjennom jordbruksområder forlot vi land cruiseren på garden til ein venleg, fattige familie med minst ti ungar. Derifrå vandra vi i to timar gjennom tørr tropisk skog. Turen opp til krateret av Cosigüina (som ligg på ca 800m), var ein daff søndagstur på fine stiar i eit litt uinspirerande terreng


Nett då eg begynte å tenke at dette var i ferd med å bli kjedelig, nådde vi i toppen. Der opp fekk eg ei naturoppleving som kanskje er det beste eg har hatt i Nicaragua. Vulkanen som utanpå såg ut til å berre vere ei skogkledd åsside, viste seg å bære på eit nesten perfekt sirkelforma krater med ein irrgrøn kratersjø i botn. Ein kan miste pusten av mindre.

tirsdag 1. april 2008

Corn(y) Island


Big og Little Corn, den store og lille maisøya, ligg rett aust for Bluefield og i det karibiske hav. Som to harmoniske brør ligg dei to øyane og kjæler kvarandre i søvn i brisen frå den varme karibiske vinden. Likens vart tre vestlendingar byssa i dvale frå den same brisen og fann ro i regnbogefarga hengekøyer. Vatnet er krystallklartturkis, og berre latskap gjer til at vi vel hengekøya framfor vatnet. Corn Island er ein klassisk karibisk draum. Det er eit under at ikkje fleire tyrste turistar finn vegen hit, men slikt forundrar jo alle stader i Nicaragua meg. For vi er framleis i Nicaragua til trass for at ingen heilt kan tru det, ein times flytur frå støvete og litt ugjestmilde Managua. Brått er det slutt på katolske kyrkjer, det spanske språket og marengue. Her er det heller morovia-kyrkjer, broken english og reggae. Det lukter ginger og lime, og alt er laga av og på kokosmelk.

På Nicaraguas sin austkyst, den som vender mot Karibia, og på øyene utanfor, har det budd folk lenge. Dei fleste har ei eller anna form for urbefolkningsbakgrunn, eller i det minste ein anna bakgrunn enn den ordinere latino. Her finn vi snararar garifuna, miskito, rama, suma og kreolar som snakkar sine respektive og rare språk. Gjennom historia har disse menneska i stor grad levd adskilte frå Nicaragua sitt sentrum, og frå det spansk-katolske livet på Stillehavskysten. Mange meiner at dei framleis er for ein periferi å rekne, og i Leon seier folk at dei representerer algo differente – noko anna. Nokre går langt og seier at dette er eit mørkt område, der svart magi for råde som den vil, der menneska er farleg og umulege å forstå seg på. Eg vil ikkje trekke det så langt, men heller sei at menneska her er tjukke, blide og høge på livet. Sånn ved fyrste augekast i alle fall.

Då eg var i Bluefields, ein av dei største byane på austkysten i haust, huskar eg å tenke at dette er corny. Ein mix av folk og fe som på ingen måte kunne seiast å ha spesielt mykje til felles med det samfunnet eg er vand med i Leon, men likefult nicaraguansk i geografisk forstand. På same vis er Corn Island supercorny, og herleg annleis.



lørdag 22. mars 2008

San Cristobal - endå ei vulkanoppleving


San Cristobal er Nicaragua sin høgste vulkan på 1775 m. Ikkje akkurat ei avskrekkande høgd, men det var bratt og fælt med rullande steinar og skarpe kaktusar. Uansett fint å vere på tur med Ragnhild, Magnvard og andre vener frå hist og her. God langfredag.

mandag 17. mars 2008

Samana Santa - Heilag veke

Det er påske i Leon. Det er det vel heime også. På spansk er påske samana santa, altså heilage veke. Det heilage vert representert gjennom sorgtunge prosesjonar der menneske lid seg gjennom gatene, nokre på kne, andre med blytunge maria-og kristusstatuar på akslane. Kyrkjeklokkene ringer heile natta på dommedagliknande vis og det er vanskeleg å sove. Men ein skal jo lide i den heilage veka, kjenne på kroppen det Jesus og hans næraste måtte gjennomgå for ei æve sidan.

Samstundes står det heilage i skarp kontrast til det profane, eller det ikkje-religiøse. Berre nokre kilometer unna prosesjonane, på stillehavsstranda Las Piñitas sprett folk ølkorkar, og kastar kleda. Dei festar, drikk, druknar og slost. For i den heilage veka står Nicaragua på hovudet. Byane vert tømde for folk som fyller pick-upen med stolar, bord, madrasser og mat, og invaderer dei elles så deilige og aude strendene. Snart vert dei fulle av søppel, ungeskrik og kvinneskrål, fyllikar og bråkete firehjulingar. Når nordmenn drikk alkohol trur vi at vi kan danse og synge, men når nicaraguanarar drikk alkohol trur dei at dei kan symje. Dette kan sjølvsagt få katastrofale følgjer og det druknar dobbelt så mange menneske i påska som elles i året.

Omar Cabezas, ein av dei litterære heltane i Nicaragua, har skildra påskeveka i Leon slik (fritt omsett frå spansk):

"I den heilage veka er Leon ein spøkelsesby. Dagane er varme, ekstremt varme. Fortauet er varmt, støvet er varmt, bilseta er varme, benkane i parken er varme, til og meg vatnet i springen er varmt. Alt i denne byen er varmt i den heilage veka. Berre fatt at Leon er varm i den heilage veka. Merk deg at det er så varmt at det nesten ikkje er bilar i gatene. Det er så varmt at det heller ikkje er menneske i gatene for alle har reist ut til sjøen. Med alle meiner eg la burguesia; dei rike som bur i sentrum av Leon. Berre hundane spring gjennom gatene med glasaktige auge og skum i kjeften, dei snur seg verken til høgre eller venstre for til sides er det endå varmare. Dei følgjer etter dei få skuggane som finst i gata, men til og med skuggen er varm. Alt er stengt, frå butikkar til hus. Slik er den heilage veka Leon. "
- Omar Cabezas, La Montaña es algo mas que una inmensa estepa verde

Eg sit heime og sveittar og kjenner at Omar Cabezas har rett, sjølv om skildringa hans er frå 1960-talet ein gong. Det er forferdeleg varmt. Berre eg rører meg ein millimeter rett sveitten, spesielt frå knehasane og frå halsen. Magnvard har gjort som dei rike og dratt ut til stranda og sit nok med ei kald pils i handa og synst det står til. Eg ventar på Ragnhild som skal komme til Managua i kveld. Der er det, om mulig, endå varmare og endå meir støv.

tirsdag 11. mars 2008

Daniel Ortega - nuestro presidente!

På 1980-talet var Daniel Ortega sentral i den sandinistiske revolusjonen og representerte frigjering og håp for eit folk som i 36 år hadde vore styrt av Somozafamilien. Gata sitt parlament kasta tyrannen, og Daniel Ortega kunne som leiar av den nye regjering sole seg i glansen av internasjonal applaus, for ei stutt tid. Revolusjonen fekk tverrpolitisk støtte verda over, spesielt frå dei "venstrehendte". Men då Daniel tapte presidentvalet i i 1990 var det nærmast som ei symbolsk avslutning på 70- og 80-talet sin romanse mellom venstresider i Europa og radikale heltefigurar i Latin-Amerika. Etter tre tapte valkampar lukkast han igjen i 2006 og tok over som president i 2007, men no med eit tydeleg mindre potensial som helt. Han har skifta ut den militære drakta med kvit skjorte (av og til rosa), han gjer stadige tilnærmingar til næringslivet, seier ja takk til frihandelsavtalar med USA og andre tigrar, og ber til Gud heller enn til Marx. Likevel har han etter valkampen hold flammande talar i FN om USA sin vedvarande imperialisme, og han hyller Fidel/Raul og Chavez på revolusjonsglødande vis. Nyleg følgde han Chavez sine oppmodingar om å bryte diplomatiske band med Columbia etter at den colombianske hæren gjekk over på ecuadoriansk jord for å utslette sentrale medlemmer i geriljaorganisasjonen FARC. Det heile vart patetisk då Ecuador, Venezuela og Columbia tok kvarandre i hendene dagen etter og avblåste den diplomatiske krisa. Difor har Daniel etter kvar fått eit litt uheldig stempel som lillebror, lommerusk og nikkedokke i møte med dei eldre ungane i leikegrinda, og avisene her i Nicaragua er fulle av flaut Daniel-stoff. Slik har Daniel gått i frå høg popularitet til avgrunnsdjup forakt i løpet av imponerande kort tid, og det gjenstår enno å forstå om det er retorikken eller politikken hans som ligg lengst til venstre. Nicaragua sørger no over at Daniel nærmast har blitt ein parodi som denne:

onsdag 5. mars 2008

Silvio Rodriguez

Kem e det?? Ein bonde frå Instedalen?? Då Silvio kom på scena i Managua på søndag vart eg rysta over kor gammal han var blitt. Eg viste det jo eigentleg, men det er vel slik med idol at dei er udødelege og uforanderlege. I mitt hovud er Silvio ein tynn, flott mann i trettiåra med slengbukse og halvlangt hår. I den verkelege verda har han blitt 69, litt småtjukk og fører ein besynderleg klesstil som minner meg litt om den til bøndene heime på bygda; cap, briller som gjev gjenskinn, og alt for store dongeribukser.


Men stemma var den same. Vakker og inderleg. Silvio Rodriguez er utan tvil både hjarte og hjernen bak den musikalske rørsla "nueva trova", og mange menneske i Latin Amerika kjenner seg enno igjen i hans tekstar og poesi. I tillegg song han alle songane eg hadde håpa at han ville synge, med unntak av ein: Cancion Urgente para Nicaragua (Ein song i all hast til Nicaragua). Denne songen skreiv cubanske Silvio ein gong på 80-talet. Låta vart skrive som ei gåve til det nicaraguanske folket som den gong lei store tap i borgarkrigen mellom Contras-styrkane og regjeringshæren til sandinistane. I tillegg var songen skrive i sympati til eit folk som hadde vore gjennom ein revolusjon som kunne minne om den cubanske.

Denne songen venta alle på under konserten. Då Silvio gjekk av scena og seinare vart klappa tilbake for å gjere ekstranummer, ville dette ha vore ein sjølvskriven låt. Men han song den ikkje. Han song tre andre songar og gjekk av scena. Folk begynte å bli urolege og ropte otra, otra, urgente, urgente for å få mannen tilbake på scena. Han kom. Eg begynte å tenke at dette var jammen ein skitten strategi for å bli klappa tilbake for tredje gong, men at han no i alle fall ville gjere ein uforgløymeleg gran final med å synge cancion urgente para Nicaragua. Men nei. Ikkje denne gongen heller. Han mumla noko om at verda og røynda har endra seg, og det er ein song som han, minst av alle, har høve til å synge.

Vi vart litt fjetra. Kvifor ville han ikkje framføre denne visa? Er han lei seg for at Fidel har gjeve frå seg makta, eller er han forbanna for at det var broren til Fidel som skruppellaust overtok makta? Eller kanskje han er misfornøgd med måten Daniel Ortega styrer Nicaragua på, og slik ikkje ville synge ein song som var skrive i ei tid då Daniel styrte landet på andre premissar? Kven kveit. Folk vart uansett ekstremt fornærma og enda med å bue og ule. Eg kan tenke meg at mange i det nicaraguanske publikum sat igjen med ei kjensle av at dei har fått ei gåve som no vart teke i frå dei.

For meg var det uansett ei historisk oppleving. Takk Silvio.


tirsdag 4. mars 2008

Momotombo - ei vulkanoppleving


Det er sjeldan eg har følt meg meir klønete på fjelltur. Då vi nærma oss toppen på fine Momotombo (den største av dei to på bilete) var det berre så vidt det gjekk an å halde seg på føtene. Vinden tok tak i oss og rista vettet ut av meg og alle andre. Steinane rulla og landskapet var i konstant bevegelse. Til tross for at vulkanen var bratt var utfordringa meir mental enn fysisk. Ikkje det at eg var så himla redd, men det tar på å skulle klamre seg til rullande steinar i ei evighet samstundes som det er ein fordel å bevege seg oppover fjellsida. I tillegg drog vinden med seg ørsmå sandpartiklar som kleba seg til hud og hår, tetta øyregangar og tårekanalar. Hundre meter frå toppen måtte vi difor gje tapt for naturkreftene og snu. Det var trist. Eg har ei litt barnsleg holdning til fjell og synst liksom ikkje eg har vore på tur utan å ha kome på toppen...

Momotombo er uansett ein utruleg vakker vulkan, forma nesten som eit perfekt triangel, og med ei fantastisk utsikt over det måneliknande landskapet mellom Leon og Managua. Den er berre den femte høgste i Nicaragua, men eg trur det er den finaste

Det var dessutan utruleg fint å campe i botnen av vulkanen kvelden før, sjå på stjernorna og pugge Silvio Rodriguez-tekstar til konserten dagen etter. Litt bileter frå ein fantastisk tur saman med Flavio, Rigo, Tiril, Simen og Borgny:


Ein av guidane skildra Momotobo slik:

Volcano Momotombo is my favourite volcano. I don't know if it is because I like the ever changing colours of its perfect cone, the physically and mentally challenging hike, or simply because it brings me memories from my childhood. My love and passion for the Nicaraguan outdoors and my life as guide in the Maribios volcanic range began when my brother and I hiked Momotombo with our father at the ages of 9 and 12.

Camping in «el plano de los coyotes», in the bottom of the volcano, is an long-lasting experience and gives you the opportunity to see a close-up of the volcano both at sun-set and sun-rise. If you are lucky you can listen to the coyotes hauling from a distant, ant eaters coming near your tent, find a scorpion inside your shoe or touch the tail of a rattle snake.

If nothing of this occurs though, you are guaranteed a night below a star sprinkled sky, and once a month a full moon appearing behind the majestic volcano

From the summit you'll admire the complete volcanic range which includes El Chonco in the far distant (looking north) and El Hojo in the proximity of Momotombo. The view also includes San Cristobal, the tallest volcano in Nicaragua, Telika with its huge crater and Cerro Negro, the youngest of the volcanoes only 185 years old.


Alle foto: Borgny Marianne Knudsen


Ruben Darío, Nicaragua sin store nasjonaldiktar skildra Momotombo slik ein gong på 1800 - talet:

¡Oh Momotombo ronco y sonoro! Te amo
Por que a tu evocación vienen a mi otra vez,
Obedeciendo a un íntimo reclamo,Perfumes de mi infancia, brisas de mi niñez

søndag 24. februar 2008

Karnevalstid i Leon


Ingenting er som å kle seg opp i ei rosa nicaraguansk tradisjonsdrakt for å gå på karneval. I motsetning til Lise som såg ut som ei forrykade flott flamencodronning i raudt, kjende eg meg meir som ein rosa marshmellow. Nedanfor ser de mannen over alle menn, Pancho Villa ("helt" under den Mexicanske revolusjonen) og hans motstykke Daniela I.

Pancho Villa y Daniela

mandag 18. februar 2008

Silvio Rodriguez til Managua 2.mars


For ei lukke det skal bli å reise til Managua for å høyre Silvio Rodriguez synge og spele. No tenker sikkert dokke: "Å herlig, ei av dei teite salsastjernene til Silje". Men dette er ikkje salsa. Silvio syng inderlege revolusjonsviser og opprørstekstar frå Cuba. Nedanfor kan de sjå og høyre han synge Cancion urgente para Nicaragua, ein tekst han skreiv på flyet fra Cuba til Nicaragua ein gong på 80-talet.